Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 20.05.2017

Gå til toppen

Toppen

OPERASJON SJØLVDISIPLIN- Svake menneske

| Den 5. desember 2013

OPERASJON SJØLVDISIPLIN- Svake menneske

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Du som ein gong hadde slik ei lys framtid, er no ein mobilavhengig, nevrotisk, dvask og ulukkeleg tufs i tidsklemme. Men fortvil ikkje: Agnes Ravatns åndsaristokratiske sjølvhjelpsserie får livet ditt på rett kjøl.

Å forbetre sjølvdisiplinen sin er den sikraste vegen til eit lykkelegare liv.

Folk er i ferd med å miste grepet.

Eg har merka det lenge, men no er det verre enn nokon gong. Og det er ingen grunn til at det vil snu av seg sjølv. Me snakkar om ein eskalerande, nedovergåande spiral.

Eg merkar det på små detaljar. Til dømes at folk ikkje maktar å svare på e-brev. Før galdt dette nokre få folk ein visste ikkje hadde orden i sysakene uansett. Men no gjeld det nærast halvparten av alle eg korresponderer med, inkludert meg sjølv: Me svarar ikkje. Det går veker før me klarer å finne styrke til å formulere eit svar på eit heilt enkelt spørsmål. I mellomtida går me og riv oss i håret, fortvilar over alt det ein skulle gjort.

Emnet er altså sjølvdisiplin, og særleg mange-len på dette. Brukbare synonym vil vere sjølvkontroll, sjølvregulering, viljestyrke. Eg har mindre sjølvdisiplin i dag enn då eg var sju år gammal. Den gongen stod eg opp og åt kneipp med prim, gjekk på skulen, gjekk på handball eller fiolin, gjekk til sengs. Verre var det ikkje. I dag er det som om dagane blir borte i ei lang rekkje små val, og alle krefter blir nytta til å motstå forskjellige freistingar.

Mennesket har sjølvsagt til alle tider streva med sjølvdisiplinen. Platon sjølv meinte at heile det menneskelege tilværet kunne kokast ned til det følgjande: Ein har eit «høgare sjølv» og eit «lågare sjølv», og meininga med livet er å overvinne dei sterke driftene til det låge sjølvet for å kunne oppfylle måla til det høge sjølvet. Ein kan seie så mangt om Platon, men akkurat her var han vel for ein gongs skuld inne på noko? Kvar einaste dag er fylt med slike små og store kampar: Klarer det høge sjølvet å motstå det låge sjølvets trong til å få eit avbrekk frå arbeidet ved å sjekke Facebook? Klarer det høge sjølvet å sende kroppen ut døra og på trening, eller er det det låge sjølvets lengt etter sofaen som går av med sigeren? Klarer det høge sjølvet å få ekteskapet sitt heilberga gjennom julebordet, eller vil det låge sjølvets trong til sanselege utskeiingar vinne?

Forskjellen på vår tid og Platons tid er at vår sjølvdisiplin blir utfordra i langt større grad. Herlege distraksjonar frå det strevsame arbeidet er eit museklikk unna. (Eg skriv dette for hand. Det er noko eg har begynt med, slik at eg ikkje heile tida skal sjekke e-post og nettaviser og google dumme innfall mens eg skriv. Notatbøkene mine er takk og lov ikkje kopla til nettet.) Me er omgitt av sukker og feitt og alkohol. Me har pengar. Me har alt, utanom viljestyrke.

Ifølgje SSBs tidsbruksundersøking brukar me mindre tid på husarbeid enn før, mindre tid på fritidsaktivitetar, mindre tid på lesing. Og mykje mindre tid på sosialt samvær enn før – faktisk vekkjer det ein snev av forundring i meg å passere eit kafévindauge og sjå at folk framleis gjer eit poeng ut av å møtast fysisk. Så kva i alle dagar brukar me tida på?! Arbeid – i snitt er folk på arbeid i overkant av åtte timar. Samstundes går visst produktiviteten ned. Det gir ein peikepinn på kor effektivt me nyttar tida. Og elles: fjernsyn. Og internett, på datamaskin og telefon, som sjølvsagt har eksplodert dei seinaste åra. Det norske folk er ei uproduktiv, manisk Facebook- og nettavissjekkande, isolert folkeferd med éin skjerm i handa og ti på taket. Lykke til.

Kva er sjølvdisiplin? Det finst fleire definisjonar. Dette er det forskarane kan einast om: Det er evna til å motstå kortsiktige freisting–ar for å kunne oppnå langsiktige mål, evna til å overvinne uønskte tankar, kjensler eller impulsar.

I dag er det heilt feil folk som har sjølvkontroll. Vårt lands fremste sjølvdisiplinist heiter Fotballfrue. Mens forskarkarrierane til dei lysaste hovuda i landet går til grunne i twitterdiskusjonar, har Fotballfrue ikkje rørt kveitemjøl eller sukker på eit tiår. Me kunne gitt henne ein leike-dokterkoffert, og ho ville ha løyst kreftgåta innan halvtanna år.

Eit av dei mest berømte forsøka på viljestyrke innanfor psykologien er det såkalla marshmallow-eksperimentet, i regi av Walter Mischel på slutten av 60-åra. Barn i fire–femårsalderen blei plasserte åleine i eit rom og fekk servert ein marshmallow. Dei fekk beskjed om at dei kunne få ete den store, mjuke sukkerbomba med det same – eller dei kunne vente, mens Mischel var ute eit ærend, og dersom dei greidde å motstå freistinga i mellomtida, skulle dei få to marshmallowar då han kom tilbake.

Barna blei filma mens Mischel var ute. Nokre kasta seg over mashmallowen med ein gong. Andre venta, mens beina sprella under bordet – men måtte gi tapt etter få minutt. Dei barna som greidde å halde seg på matta heile kvarteret Mischel var ute, brukte ulike metodar for å undertrykkje lysta på sukkertøyet. Dei heldt seg for augo, song, leika gøymsle med seg sjølv og sukkertøyet – kva som helst som kunne døyve lysta etter å stappe den kvite sukkerputa ned i halsen.

Eksperimentet var i grunnen over med dette. Føremålet var å undersøkje korleis barn ut–viste sjølvkontroll. Men ti år seinare dukka forsøket opp til yta att. Barna som var med den gongen, var nemleg klassekameratar av Mischels dotter. Etter kvart som dottera fortalde om klassekameratane sine mens åra gjekk, begynte det å teikne seg eit mønster. Mischel henta fram resultatet frå det gamle forsøket og samanlikna det med korleis barna no greidde seg på skulen. Gjennomgåande var det slik at dei av barna som hadde greidd å vente med å ete sukkertøyet, klarte seg betre på skulen. Mischel følgde med dei vidare inn i vaksenlivet, og det same synte seg: Dei som hadde gitt etter og ete marshmallowen, hadde større problem i yrkeslivet, mindre stabile samliv, høgare kroppsmasseindeks, dårlegare mental helse, nokre hadde rulleblad og så bortetter.

Ut av dette slutta Mischel at det måtte finnast to ulike prosessar i mennesket som kjempar om førarsetet og sjølvkontrollen: eit «varmt», emosjonelt, spontant og driftsstyrt system og eit «kaldt», kognitivt, strategisk og kjenslemessig nøytralt system – ikkje ulikt Platons høge og låge sjølv og dessutan temmeleg samanfallande med Daniel Kahnemans teori om dei to ulike måtane hjernen formar tankar på, attgjeven i Thinking, fast and slow: system 1 og 2, der system 1 er kjapt, umedvite, automatisk og kjenslemessig, og 2 er sakte, krevjande, logisk, kalkulerande og medvite.

I dag ser forskarar ut til å vere samde om at dei to viktigaste faktorane for å bestemme korleis folk vil klare seg her i livet, er intelligens og sjølvkontroll. Og av desse to – og dette er det nye – er sistnemnde klart viktigast.

Med dette i bakhovudet, og med fare for å høyrast ut som ein sur gammal krigsseglar, synest eg at til dømes den norske skulen i hovudsak burde vere dørgande kjedeleg, i staden for at alt skal vere så gøy heile tida. Slik kan barn få sjansen til å lære seg å halde ut og dermed leggje grunnlaget for eit fysisk og psykisk godt liv seinare.

Sjølvdisiplin har vore eit høgt skatta karaktertrekk gjennom dei fleste tider, heilt fram til nazistane i mellomkrigstida bestemte seg for å halde fram viljestyrke som den ypparste av eigenskapar. Det heile kulminerte i Leni Riefenstahls Viljens triumf, og sidan då har viljestyrke hatt eit imageproblem. Og sjå på oss no! Klorande på smarttelefonane våre som svoltne rotter, konsentrasjonsevne under frysepunktet, uproduktive som aldri før, plaga med angst og liggjesår, snart umyndiggjorde. Nei, tenk på alt ein ville måtte gi avkall på dersom ein til kvar tid skulle gjere det motsette av Hitler: Hugo Boss-dressar, hundehald, fektande kroppsspråk, for å nemne noko.

I følgje ein av dei fremste forskarane på feltet, den amerikanske psykologen Roy F. Baumeister, er dét å forbetre sjølvdisiplinen sin den sikraste vegen til eit betre liv. Han har kome til at dei fleste store problem, både personlege og sosiale, er knytte til sviktande sjølvdisiplin: ukontrollert forbruk, vald, dårlege skuleprestasjonar, prokrastinering (somling) på arbeid, rusproblem, livsstilssjukdomar, helseskadeleg kosthald, dårleg helse grunna manglande fysisk aktivitet, kronisk angst, det meste.

I ei stor internasjonal undersøking blant éin million menneske blei forsøkspersonane bedne om å velje ut sine beste eigenskapar blant 24 ulike karakteristikkar. Høgt opp på lista kom ord som ærlegdom, vennlegheit, humor, kreativitet og mot. På sisteplass: sjølvkontroll. Og motsett: Når dei blei bedne om å liste opp sine største feil og manglar, kom manglande sjølvkontroll øvst på lista. Stakkars alle.

Men ingenting er for seint! Det er mogleg å få livet på rett kjøl. Her er faktisk ikkje snakk om permanente, uopprettelege skadar. Ein kan opparbeide seg betre sjølvdisiplin att. Det er ein tung veg å gå, men alternativet er mykje verre. Og så er spørsmålet: Korleis? Ja, det er jo akkurat dét denne serien vil handle om. Det er tid for hjelp til sjølvhjelp. Så følg med, vesle venn, følg med.

 

 

knapp knapp