Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 19.07.2017

Gå til toppen

Toppen

Om språk og lektorar

| Den 30. juni 2017

Om språk og lektorar

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Etter lærarstreiken i 2014 vart det sett ned eit arbeidstidsutval. No har Norsk Lektorlag trekt seg frå sluttrapporten av di han er uklar og ikkje svarar på mandatet. «Samtidig må det tas høyde for at reflekterende fellesskap består av reflekterende enkeltindivider.» 

 

Streikar kjem og streikar går over, og stort sett vert dei aldri hugsa. Men streiken mellom lærarane i 2014 vert hugsa. For i tingingane med Kommunenes Sentralforbund (KS) forhandla leiaren i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, bort den fleksible arbeidstida til lærarane, og presenterte avtalen som ein siger. Medlemane, derimot, meinte at avtalen var eit tap, og nekta å akseptera mykje fastare kontortid og lengre dagar.

73 prosent sa enkelt og greitt nei til avtalen som Norsk Lektorlag heller ikkje kunne godtaka. Enden på visa vart at lærarane streika gjennom sumarferien, og den 1. september gav KS opp. Lærarane fekk stort sett behalda den arbeidstida dei hadde. Lied på si side gjorde som leiarar plar gjera når dei feilar, ho gjekk til ein betre betalt jobb som leiar for Unio.

 

PSU?

Men noko fekk KS. Dei fekk eit såkalla partssamansett utval (PSU) som visstnok skulle sjå nærare på både arbeidstid og anna. Utvalet vart sett ned i 2014, og skulle få tida heilt fram til 31. desember 2017 til å gjera rapporten ferdig. Men den 15. juni hadde utvalet sluttemøte, og vedtok sluttrapporten som vart lagd fram den 20. juni. I utvalet var både Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Skolelederforbundet og KS med. KS hadde den såkalla sekretariatfunksjonen, altså var det dei som skreiv. I tillegg var Norsk Lektorlag (NLL) med. Eller rettare sagt, Lektorlaget var med fram til og med 15. juni, men trekte seg i møtet, og sette ikkje signaturen sin under rapporten.

I møtet gav Lektorlaget fylgjande grunngjeving: «Det partssammensatte utvalget ble nedsatt som en følge av en konflikt om undervisningspersonalets arbeidstid. Et hovedpunkt i mandatet er å utrede alternative arbeidstidsordninger der det tas hensyn til forhold som kan variere for ulike skoleslag. Norsk Lektorlag mener mandatet ikke er innfridd og kan derfor ikke stille seg bak/signere rapporten. Slik rapporten foreligger, er den således ikke noe godt grunnlag for nye forhandlinger om SFS 2213 (arbeidstidsordninga, red.merk.), slik mandatet forutsetter.»

Det er for å seia det slik ikkje heilt uforståeleg at NLL kom til at dei ikkje kunne signera rapporten. Dag og Tid har lese han, og også vi slit litt med å forstå kva rapporten spør om og eventuelt kva han svarar på. «Samtidig må det tas høyde for at reflekterende fellesskap består av reflekterende enkeltindivider. For at den enkelte skal kunne bidra til refleksjoner i fellesskap kreves tid til individuelle forberedelser», er ikkje utypiske setningar. Så la oss sjå nærare på kva KS, som har ansvaret for kvaliteten i skulen, skriv, og kva alle andre lærarorganisasjonar enn NLL er viljuge til å signera.

 

Manglande tillit 

Rapporten startar slik: «Manglende tillit var et sentralt tema etter forhandlingene om SFS 2213 i 2014 og en begrunnelse for etableringen av det partssammensatte utvalget (PSU) i september samme år. Utvalgets tilnærming til mandatet og innholdet i rapporten bærer preg av dette.» Sidan dei heile enda med at Lektorlaget trekte seg, kan det vera at rapportskrivaren har rett, men vi for vår del tvilar på at det var manglande tillit som prega tilnærminga til mandatet, skrivaren og medlemane i utvalet ville utrykkja.

Korleis har dei så arbeidd med mandatet som sa at uvalet «utreder organisering av arbeidstiden i skolen»? «I arbeidet fram til nå har utvalget valgt å ta en overordnet inngang til mandatet.» Kva tyder så «en overordnet inngang»? Jau, «Det vil si at utvalget, ikke har utredet konkrete modeller for arbeidstid». Ein overordna inngang tyder altså å sjå vekk frå mandatet.

Men korleis vert arbeidstida organisert i dag? Det kjem an på kva ein kjem fram til lokalt. Og kjem ikkje partane til semje lokalt, vert det heile lagt fram for organisasjonane nasjonalt. Men når eit utval skal sjå nærare på arbeidstid, treng ein empiri, og for å få empiri om korleis kvar einskilde kommune og skule organiserer arbeidstida, lyt ein spørja. Eller lyt ein det? «Partene har ikke gjennomført noen felles spørreundersøkelse om hvordan arbeidstidsavtalen praktiseres.» Nei vel.

Noko har dei rett nok gjort: «Det partssammensatte utvalget inviterte seg selv til tre skoler for en gjennomgang av den respektive skolens arbeidstidsavtale og hvordan de jobbet med skoleutvikling.» Det er om lag 3200 skular i Noreg. Etter å ha møtt kvarandre tolv gonger på to år, kjenner utvalet til arbeidstida ved tre av dei.

 

Prosess er viktig

Korleis har utvalet arbeidt? Dei har lært seg å læra gjennom prosessrettleiing: «For å få hjelp til gode diskusjoner ble SINTEF leid inn som prosessveiledere til tre samlinger høsten 2016. Målsettingen var å bli utfordret på problemstillinger som ligger i mandatet og få hjelp til å avklare både enighet og uenighet. Ekspertutvalgets anbefalinger i lærerrollerapporten var et viktig grunnlagsdokument, og veiledningen på de tre samlingene skulle bidra til åpen dialog, begrepsavklaringer og diskusjon rundt rammebetingelser og muligheter i ulike arbeidstidsordninger. På første møtet etter prosessveiledningen holdt hver av organisasjonene en innledning med eget perspektiv på arbeidstidsordninger. Målet var å finne fellesnevnere som kunne nedfelles i denne rapporten og dermed stå som utvalgets konklusjoner.» Og utvalet konkluderte med at dei ikkje ville svara på mandatet.

Men dei har altså vitja tre skular i Trondheim. «Utvalget besøkte NTNU og hadde en god erfaringsdelingsøkt med fagmiljøet SKULE om kollektiv skolekultur og samhandling mellom universitet og skole.» Ei god erfaringsdelingsøkt der, altså, som resulterte i heile to fuge-s-ar.

Utvalet har nytta mykje tid til å diskutera kva god leiing er og korleis ein skal skape gode leiarar. Gode leiarar «må ha evne til å legge til rette for læring og utvikling gjennom å involvere og gi ansvar til medarbeidere». Dette har utvalet kome til gjennom å lytta til Bård Kuvaas frå BI som tilrår noko han kallar «tillitsbasert styring». Kva slags nytt konsept er så det? Jau, Kuvaas vert sitert slik av utvalet: «Fra et ledelsesfaglig ståsted innebærer tillitsbasert styring at man sørger for at ledere og medarbeidere forstår formålet med de politiske retningslinjer og prioriteringer og deretter tar sjansen på å stole på ledernes og medarbeidernes kompetanse og motivasjon til å gjøre en best mulig jobb.»

 

Profesjonsfelleskapet

Utvalet er særleg oppteke av «profesjonsfelleskapet» og har meiningar om korleis slikt skal veksa fram: «For å utvikle gode profesjonsfellesskap kreves tid og rom til samarbeid og felles refleksjon.» Og ikkje minst: «Profesjonsfellesskapet har et viktig ansvar og spiller en sentral rolle i alle utviklingsprosesser.»

Men det viktigaste av alt, er samarbeid, og som nemnt, refleksjon: «Utvalget mener at det samarbeidet som er viktigst, men også vanskeligst å få til, er det som kan kalles det profesjonsfaglige samarbeidet. Denne formen for samarbeid kjennetegnes av refleksjon rundt undervisningspraksis, dialog og deling, men også av tilbakemeldinger til hverandre og felles evaluering og vurdering. Et viktig premiss for å få til godt profesjonsfaglig samarbeid, er at det skapes arenaer for felles refleksjon. Samtidig må det tas høyde for at reflekterende fellesskap består av reflekterende enkeltindivider. For at den enkelte skal kunne bidra til refleksjoner i fellesskap kreves tid til individuelle forberedelser.»

Avslutningskapittelet inneheld ingen konkrete tilrådingar eller framlegg. Men utvalsmedlemane kjenner seg trygge på at dei har gjennomført eit godt arbeid, og avsluttar rapporten slik: «Vi håper og tror at dette vil være et viktig grunnlag i det videre arbeidet; både når det partssammensatte utvalget skal gå videre med å vurdere ulike arbeidstidsordninger og i de konkrete forhandlingene om ny arbeidstidsavtale for lærere.»

 

(Undersak)

– Vi stiller oss undrande

KS forstår ikkje kvifor Lektorlaget trekte seg.

Erling Barlindhaug er avdelingsdirektør for utdanning i KS. Han seier at KS er forundra over Lektorlaget.

– Vi stiller oss undrande til måten det vart gjort på. Her har Lektorlaget vore med heile vegen, og så vel dei å trekkja seg på det avsluttande møtet, då sluttrapporten skulle leggjast fram.

– Men utvalet var bede om å greie ut arbeidstida i skulen, og så seier utvalet at dei vel ikkje å gjera det?

– No har eg ikkje sete i utvalet, og eg har vanskar med å seia kva konkret som har gått føre seg i møta. Men sidan rapporten vart lagt fram på møtet, må også utvalet ha hatt med Lektorlaget då dei føretok den konkrete avgrensinga av mandatet.

– Men valde ikkje utvalet å sjå vekk frå mandatet?

– Eit partssamansett utval skal koma fram til semje, og må alltid gjennomføra avgrensingar. Men som sagt, vi stiller oss undrande til måten Lektorlaget gjorde dette på, altså å trekkja seg etter at alt arbeidet var gjort.

– Då er det vel ikkje så mykje meir å seia, då?

– Nei, det er i grunnen ikkje det.

knapp knapp