Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Det nye Kommune-Noreg

| Den 17. november 2017

Det nye Kommune-Noreg

Foto: Knut Hustad

HORNINDAL KOMMUNE: No byrjar strafferegimet til Jan Tore Sanner å verka. Om nokre år vil både Ørsta og ei rekkje andre kommunar oppdaga at det kostar å stå åleine.

Når ein som journalist sit på kontoret, veit ein på eit vis kvar ein skal. Dagane går nokolunde som planlagt. Reportasjeturar kan derimot enda opp på underlege stadar, til dømes at vi hamnar på Sunnmøre når vi er i Nordfjord. Planen var å intervjua ordføraren i Hornindal kommune, eller Honndalen, som vestlandingar flest kallar staden. Brått står fotografen og eg på ein våpenfabrikk og siktar med kvart vårt geværskjefte.

På ein gard oppe i ei fjellside i Honndalen, rett under der det seinare kom eit skisenter, byrja ein gardbrukar å lima i hop treverk til møblar. Etter kvart vart kjellaren for liten, så han bygde eit uthus, så skjøtte han på eit uthus til og endå eit. Så kunne han ikkje utvida meir grunna fonnfaren. No er fabrikken difor utvida med eit svært telt, for telt er det lov å setja opp i fonnfarlege område. Men for fem år sidan var det slutt, norske møblar vart for dyre. Etterkomarane måtte finna seg noko anna å gjera.

Les heile reportasjen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp