Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 16.12.2017

Gå til toppen

Toppen

Ny språkmelding

| Den 1. desember 2017

For alle som er glade i nynorsken, er vekas leiar trist lesnad. Men fyrst det positive: I Sogn og Fjordane nyttar 97 prosent av grunnskuleelevane nynorsk. I Møre og Romsdal 54 prosent. I Hordaland 39 prosent. I Rogaland 23 prosent. Og trass alt 17 prosent i Oppland. Dårleg, men likevel 9 prosent i Telemark. For heile landet er talet 12 prosent nynorskelevar, syner tala frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2016–17.

Så resten av røyndomen: 5 prosent i Aust-Agder og 2 prosent i Buskerud. Berre 15 nynorskelevar frå Sør-Trøndelag til Finnmark. Berre 1 nynorskelev i Hedmark, 3 i Akershus og ingen i resten av fylka.
n Forutan i Aust-Agder og Buskerud er det lite å gjera med dette. Det avgjerande må vera å stogga fråfallet av nynorskelevar frå grunnskulen til vidaregåande skule. For talet på nynorskbrukarar går ned frå 12 prosent i grunnskulen til 6 prosent når elevane har kome på vidaregåande skule. I Rogaland åleine går talet frå 23 til 5 prosent. I Oppland frå 17 til 6 prosent. Og i Hordaland vert talet halvert – frå 39 til 19 prosent.

Undersøkingar syner at mange av dei som går over til bokmål, fortel at «det berre vart slik« og at «bokmål er lettare». Det kan ein skjøna. Det er ikkje berre lett å halda fram med nynorsk når ein kjem frå ein gamal nynorsk skulekrins til ein vidaregåande skule i byen der undervisinga går føre seg på bokmål. Dessutan har lærebøkene mindre plass i undervisinga i dag. Mykje av undervisingsmateriellet vert henta frå nettet, der det meste er skrive på bokmål.

Eit slikt målskifte kan motverkast om ein får auka byrgskapen for nynorsken mellom unge nynorskbrukarar. For det skal ein del til å stå imot når ein vert i mindretal i ein klasse. Og kanskje fleire bokmålsbrukarar kan tala vel om nynorsken? For velviljen er der – det merkar vi på dei mange bokmålsbrukarane som gjerne skriv nynorsk i Dag og Tid.

Stortinget har ikkje drøfta dei overordna utfordringane rundt det norske språket sidan 2009. Det held ikkje. Stortinget bør koma opp med ein ny forpliktande langtidsplan for språket vårt – inkludert tiltak for korleis nynorsken skal kunne bergast. Regjeringa må difor leggja fram ei stortingsmelding så fort som råd.

knapp knapp