Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Norske verdiar

| Den 11. august 2017

Norske verdiar

Tore Hund set spydet i Heilag-Olav i eit målarstykke av Peter Nicolai Arbo.

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

I det siste har det vore litt snakk om norske verdiar igjen, etter at kulturministeren vår, Helleland, hadde eit kaffi- og vaffelmøte med oljeboraren Ola Borten Moe. Etter det har det vore vanskeleg å fordjupe seg i ei kommentarspalte utan å støyte på ordet «vaffel» alt i første setning.

Skulle eg velje dei fremste norske verdiane, så ville det vere å samle på små plastfigurar og å høyre på utanlandske radiostasjonar på mellombølgje. Men ifølgje før nemnde Ola Borten Moe er kristendommen ein særeigen norsk verdi, og det har han vore i «fleire tusen år» (om det då ikkje var hundre tusen år?).

No vel, hadde du spurt eit par av bøndene som slåst mot, og seinare kverka, Heilag-Olav på Stiklestad om kristendommen var ein norsk verdi, så hadde dei enten ledd deg ut eller flådd deg levande, alt etter kva for humør dei var i. Og dette er enno ikkje tusen år sidan. Noko ein ikkje treng vere spesielt god i hovudrekning for å finne ut.

Så, Ola Borten Moe, eg trur du kan vere glad for at du ikkje er statsministerkandidat i år (eller religionshistorikar), men eg er ikkje smålegare enn at eg ønskjer deg betre lykke neste gong.

Les om fleire norske verdiar, Papp 17 og mykje meir på Innsida i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp