Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.08.2017

Gå til toppen

Toppen

Noreg i grått, kvitt og svart

| Den 21. oktober 2016

Noreg i grått, kvitt og svart

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

0 Flares Filament.io Made with Flare More Info'> 0 Flares ×

Det blir stadig vanlegare med grått og kvitt som farge på hus og bygningar i Noreg, men det finst heiderlege unnatak.

Dei fleste nye bygg i Noreg er i såkalla nøytrale fargar, det tyder kvitt, trekvitt eller nyansar av grått, same kvar i landet ein er. Husbanken forklarar det slik: «Det er mye prøving og feiling på grunn av liten kunnskap, og mange velger hvitt og grått for å slippe å ta standpunkt.» Form og funksjon er openbert viktig når ein byggjer, men ved å la form kome før farge, eller ikkje ta standpunkt til fargeval, lagar ein by- og bygdemiljø utan forankring i naturen og historia som bygget skal verte ein del av.

Men det finst heldigvis unnatak: I midten av oktober vann Ullevål tårn, eit påkosta og moderne bustadbygg i Oslo, utmerkinga Oslo bys arkitekturpris for 2016. Bygget er eit typisk moderne signalbygg: høgt, med reine liner, ei vindaugsplassering som dannar mønster på fasaden og asymmetrisk plasserte balkongar. Men noko bryt med det typiske: Bygget er ikkje kvitt, mørkegrått og av glas, som Barcode, kulturhuset i Bodø, konserthuset i Stavanger eller kjøpesenterbygg rundt om. Ullevål tårn er varmt oransjebrunt. Arkitektfirmaet bak bygget, Code Arkitektur, seier at dei valde beisa tre til fasaden fordi dei ville spele på lag med trea og floraen i området.

Les heile kommentaren i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

knapp knapp