Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Nei til tvillingabort

| Den 9. november 2018

Statsminister Erna Solbergs innspel om abortspørsmålet før KrFs landsmøte om deltaking i regjeringa eller ikkje var ei utidig innblanding i avgjersleprosessen som KrF stod midt oppe i.

Å skulle endre abortlova er eit stort og grunnleggjande spørsmål som ikkje bør vera tema for forhandlingar om regjeringsdeltaking – der ein byter delar av abortlova mot vegar, eigedomskatt eller kva det måtte vera. Eventuelle endringar av abortlova må avgjerast av Stortinget etter ein prinsipiell, brei og grundig debatt.

I ein slik debatt bør absolutt spørsmålet om tvillingabort, som Stortinget i 2016 vedtok var innanfor gjeldande abortlov, diskuterast på nytt – altså at ein tillét å ta bort minst eitt av fleire friske foster i eit tvilling- eller fleirlingsvangerskap fordi kvinna av ulike årsaker ikkje ønskjer meir enn eitt barn. Noreg er det einaste landet i Europa som gjev sjølvbestemt rett til fosterreduksjon – før veke tolv i svangerskapet.

Ein reduksjon av friske foster i eit svangerskap var aldri ein del av intensjonen bak abortlova i 1975. Det er den teknologiske utviklinga som har gjort dette mogleg. Og sjølv om det blir utført få slike abortar i året, er det viktig å seia tydeleg ifrå om at ein slik praksis ikkje er akseptabel.

Tvillingabort av friske foster kan fort vera fyrste steg mot eit sorteringssamfunn der ny teknologi stadig gjev oss høve til å utføra abortar basert på kunnskap om den medisinske tilstanden til fosteret. I tillegg utset ein ved tvillingabort det attverande fosteret for spontanabort og tidlegfødsel.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa