Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.10.2018

Gå til toppen

Toppen

Navahonasjonen

| Den 1. juni 2018

Navahonasjonen

Foto: Håvard Rem

Window Rock: Vindaugeklippen er hovudstad og tingstad i det største autonome området som noko nordamerikansk urfolk rår over.

Toget fer vidare vestover mot California og Stillehavet, men eg skal snart gå av for å møta navahoar i hovudstaden deira, Window Rock i Arizona. Navaho Nation er det største autonome området som noko nordamerikansk urfolk rår over. Med 70.000 kvadratkilometer og ein kvart million innbyggjarar er både flatemål og folketal på storleik med fylka Finnmark og Troms.

I togsetet minnest eg eit morgongry i førre tusenår då eg fyrste gong flaug inn over det amerikanske kontinentet. Då flyet nærma seg kysten av Newfoundland, såg eg føre meg eit skip som tusen år tidlegare stod ut ein av fjordarmane under meg. Om bord var far og son Eiriksson samde om at landnåmet var mislukka, men usamde om vidare kurs. Faren ville austover og heim, nøgd med å ha berga livet. Sonen Leiv meinte at dei kunne finna betre livstilhøve om dei utforska kysten sørover. Hadde faren vorte overtydd, kunne han med berre nokre ord, eit nikk eller ei armrørsle endra kursen – ikkje berre på skipet, men på historia.

Les heile reportasjen i papirutgåva av Dag og Tid eller kjøp e-avisa.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa