Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 17.11.2017

Gå til toppen

Toppen

Når politikarar vil vere spåmenn

| Den 8. september 2017

Artikkel 2: Ofte kan dei mest uventa ting fungere som ein samtidshistorisk spegel, og enkelte historiske fenomen kan seia meir om det dagsaktuelle enn det dagsaktuelle sjølv. 

Ein kronikk kalla «Katastrofenes århundre», publisert i Aftenposten 16. februar 2011, kan fungera som ein slik samtidshistorisk spegel – som eit fortetta døme på eit meir generelt fenomen. Det dreiar seg om ein tekst der tre av Noregs leiande politikarar var heilt samde om kva som var det viktigaste problemet i verda, og korleis det skulle løysast, og ikkje minst var dei sikre på at dei sat med svaret.

Den eine kronikkforfattaren var Erik Solheim, dåverande utviklingsminister og miljøminister frå SV. (I skrivande stund, i 2017, er han direktør for FNs miljøorganisasjon UNEP.) Den andre var Jan Egeland, dåverande forskingsdirektør ved Norsk utanrikspolitisk institutt, i kronikken òg titulert som «leder av FNs høynivåpanel for klimatjenester», tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet for Arbeidarpartiet i 2017, leiar av Flyktninghjelpa og norsk medlem i George Soros’ tenkjetank International Crisis Group. Den tredje forfattaren var Børge Brende, dåverande generalsekretær i Rauderossen, tidlegare direktør i World Economic Forum og frå Høgre. (I skrivande stund er han utanriksminister.)

Det mest interessante med kronikken er ikkje intensjonane til dei individuelle politikarane. Det er difor ikkje noko poeng å underkasta teksten det som er vorte kalla «mistankens hermeneutikk» i historieforskinga. Det mest spanande spørsmålet er snarare: Kva dominerande tenkjemåtar og systemtrekk ved norske verdsbilete og sjølvbilete gjorde det mogleg for tre av dei mest sentrale politikarane i landet, frå tre ulike parti, å gå saman om å skriva ein slik tekst?

Røynda: Det er oss?

Under tittelen «Katastrofenes århundre» teikna dei tre eit ekstremt dystert framtidsbilete. Dei fortalde lesarane at millionar av menneske dei neste åra ville måtta døy grunna klimaendringar, og at milliardar av menneske ville verta råka av dei same klimaendringane. Forfattarane stødde opp påstandane sine med det dei hevda alt var ein tydeleg trend: Stadig fleire menneske vart offer for klimakatastrofar: «En synkende andel av verdens befolkning rammes av krig, folkemord og terror sammenlignet med tidligere generasjoner. Men vi lever i et naturkatastrofenes århundre.»

Nokre veker etter at dei tre politikarene sette kronikken på trykk i avisa, var dei blant dei aller mest entusiastiske talsmennene for at Noreg burde bomba Libya, og alle veit kva det førte til. Dei same tre politikarane støtta òg norsk deltaking i borgarkrigen i Syria. Dei var altså med å på å utløysa ei utvikling dei same personane nokre månader seinare kalla den største humanitære katastrofen etter den andre verdskrigen, og dette skjedde ikkje lenge etter at dei i kronikken slo fast, som eit udiskutabelt faktum, at færre og færre vart råka av krig, og fleire og fleire av klimakatastrofar.

Denne grunnleggjande sjølvmotseiinga mellom spådomar og eigne handlingar er interessant, men ikkje det sentrale her. Det eg vil ta opp, er korleis dei som politikarar spådde om vêret i framtida, på grunnlag av deira eiga oppsummering av humanitære katastrofar i åra før 2011 og i januar 2011. Fyrst av alt slo dei berre fast, som absolutt sikkert, at det ville verta mykje meir ekstremvêr, og stadig fleire og meir alvorlege katastrofar, gjennom å framskriva det dei meinte var ein trend: «Tørke, flom og ekstremvind rammer flere mennesker oftere, mer uforutsigbart og i større omfang enn før.» Og dei viste til historia som bevis: «I fjor ble det registrert 373 naturkatastrofer med 296.800 omkomne. Mer enn 207 millioner mennesker ble berørt. Dette fulgte mønsteret fra det første tiåret av dette århundret da det var dobbelt så mange naturkatastrofer som i tiåret før.» Denne trendanalysen var fundamentet i kronikken; det var på dette grunnlaget det vart mogeleg å hevda at alt skulle verta berre verre.

Det Data faktisk seier

Rapporten dei tre siterte frå, sa derimot det stikk motsette av det dei hevda. I ein kronikk skriven vel ei veke seinare, «Klimaproblemet på alvor» (Aftenposten 28. februar 2011), viste dei same tre forfattarane til at dei hadde henta statistikken frå mellom anna CRED, ein forskingsinstitusjon i Brussel som hadde spesialisert seg på data om ulike typar katastrofar. Men det viser seg at CRED-tala frå 2010 i særs liten grad handla om klimarelaterte katastrofar. Det var nemleg jordskjelvet på Haiti som forklåra dei fleste dødsfalla i 2010 (225.570), og ingen vil meina at klimaendringar var skuld i jordskjelvet. Talet på døde i katastrofar i 2010 kunne altså ikkje understøtta alarmismen i kronikken – at klimarelaterte katastrofar vart stadig hyppigare og stadig alvorlegare. I perioden 2001–2010 døydde 230.000 menneske i naturkatastrofar knytte til tørke, flaum og ekstremvind, ifylgje CRED. (Desse tala er sjølvsagt problematiske og neppe nøyaktige, men det er ikkje poenget her.) Om lag 140.000 døydde etter syklonen i Burma i mai 2008 – ein syklon som dei færraste forklarer med klimaendringar. Og sjølv om denne katastrofen er rekna med, viser CRED-data at det var fleire drepne og heimlause etter klimarelaterte hendingar i kvart av dei tre føregåande tiåra enn i tiåret forfattarane påstod var verst.

I CRED-rapporten for året etter, 2011, vart det elles slege fast at det var færre naturkatastrofar i 2011 enn for gjennomsnittet i perioden 2001–10.

Vidare: I alle tiåra i det førre hundreåret omkom fleire grunna tørke, flaum eller ekstremvind enn i åra 2001–10. I perioden 1920–70 er det anslått at det i gjennomsnitt døydde 3,3 millionar menneske per tiår grunna tørke, flaum og ekstremvind, og med store variasjonar frå tiår til tiår. Tørka i India i 1965–67 og syklonen over eit av dei områda i verda med aller tettast busetnad, det særs lågtliggjande elvedeltaet som i 1971 skulle verta Bangladesh, tok om lag 1,5 og 0,5 millionar menneske. Ekstrem tørke kombinert med politikken for «Det store spranget» i Kina på slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet leidde til at millionar døydde der. Den største kjende flaumkatastrofen i historia skjedde i det sentrale Kina 1931, då elvane Yangtse og Gule Flod med bielvar gjekk kraftig over breiddene sine og tok livet av – er det anslått – over 3 millionar menneske, og gjorde mellom 50 og 100 millionar heimlause.

Går vi endå lenger attende i historia, vert det endå tydelegare at det siste tiåret har vore mest unikt ved at det har vore såpass få klimarelaterte katastrofar. På slutten av 1800-talet var India og Kina kua av stadige og kraftige flaum- og tørkekatastrofar som nesten tok knekken på Qing-dynastiet, og som førte til ein storm av protestar mot det britiske kolonistyret i India, av di millionar der døydde av svolt. Ein kraftig El Niño på slutten av 1700-talet sette store delar av Asia og Latin-Amerika avgjerande attende nett då England gjennomførte den industrielle revolusjonen og med tida vart verdast største kolonimakt.

Spådom og røyndom

Realiteten er at tiåret 2000–10 ikkje skilde seg ut med store klimarelaterte katastrofar, slik «Dei tre» insisterte på at det gjorde, og slik mellom andre Raudekrossen i Noreg, Flyktninghjelpen og Kirkens Nødhjelp har hevda i den eine brosjyren og rapporten etter den andre. Når eg her analyserer ein kronikk om humanitære katastrofar, må ikkje det oppfattast som eit innlegg i klimadebatten. I kor stor grad klimaet vert påverka av CO2-utslepp, eller kor raskt klimaet har endra seg, er sjølvsagt eit heilt anna spørsmål enn kor mange klimarelaterte katastrofar det har vore dei siste åra. Som historikar som arbeider med rolla vatnet har spela opp gjennom historia frå dei første sivilisasjonane som oppstod for 5000 år sidan til i dag, med hovudfokus på tida mellom 1500 og 1820, har eg ingen spesielle føresetnader for å kunna seia noko om kva som skjer med klimaet i dag. Men det eg veit, er at det ikkje er mogleg å slutta seg til påstandar om at det vert stadig fleire og verre katastrofar relaterte til flom og tørke.

CRED skriv det same om den nyare tida: «A decrease in occurrence was also seen for hydrological, geophysical and climatological disasters.» Altså: Institusjonen som dei tre forfattarane sa dei nytta som kjelde for å gje påstandane vitskapleg tyngd, syner seg å seia det stikk motsette av kva forfattarane skreiv: «Tendensen er klar, og den bekrefter det klimaforskerne lenge har spådd: Tørke, flom og ekstremvind rammer flere mennesker oftere, mer uforutsigbart og i større omfang enn før. Og det er de fattigste som rammes hardest.»

Men òg på dette punktet sa CRED det motsette: Dei høgste tala på dødsfall i perioden vart registrerte i samband med to hetebylgjer: om lag 57.000 i Russland sommaren 2010 og 75.000 i Europa i 2003. Og i fleire år rapporterte CRED at det var i dei rike landa kostnadene var størst. Tre land – USA, Kina og Italia – stod for 86,1 prosent av kostnadene relaterte til klima; USA åleine stod for 49,3 prosent. Rapporten for 2011 slo òg fast at det var sju av dei rikaste landa som rapporterte om nesten 80 prosent av «disaster mortality» i 2011. Når forfattarane peikte på utviklingslanda som dei som vil verta hardast råka, var det altså ikkje i samsvar med korkje kjelda deira eller realitetane. (Tørken i California i 2015, tørken i Italia i 2017, flaumen i Houston i 2017 og flaumane i Nepal, India og Bangladesh i 2017 syner at biletet er mykje meir samansett.) Det passa derimot fint med det humanitærpolitiske kompleksets eigne perspektiv og interesser, som fyrst og fremst har vore dei «fattigaste» i utviklingslanda. Det er jo som utviklingslandas sjølverklærte representantar og hjelparar forfattarane har skaffa seg legitimitet og ry for å kunna uttala seg med moralsk tyngd om verdsproblema, inkludert klima før, no og i framtida.

Dei heldt fram: «Og halvannen måned inn i 2011 har vi allerede sett ekstremvær og flom i fire verdensdeler», som om det ville vera typisk for 2011 og åra som skulle koma. Men nokre veker seinare sende dei altså F16 (eller Fighting Falcon) på vengene over Afrika med bomber. I 2011 var det tørke på Afrikas Horn, slik det med jamne mellomrom alltid har vore, og mykje meir flaumrelaterte problem på Filippinane enn vanleg, men det var krigane i Libya og Syria som skapte dei humanitære katastrofane.

Vidare, skreiv dei, «vil byer som allerede i dag er særlig utsatte fordoble innbyggertallet fra 680 millioner til 1,5 milliarder i løpet av de neste 40 årene. Jordskredene som de siste regnsesongene har kostet hundrevis av menneskeliv i storbyene i Brasil varsler hva mange flere urbane samfunn kan ha i vente.» Det har no gått seks år, og varsla om dei store jordskreda som mest systemisk skulle drepa menneske i dei store byane, har førebels ikkje slått til.

Krisa og løysinga

Dei tre forfattarane skreiv altså ein kronikk om ei absolutt alarmerande nær framtid for menneskeslekta på grunn av klimaendringane. Men kva føreslo politikarane som løysing på eit problem dei meinte ville gjera jorda mest til eit helvete? Avindustrialisering? Kutt i oljeproduksjon og full stans i utvinning på norsk sokkel, eller å verna Lofoten og Arktis mot oljeutvinning og stogga Statoils tjøresandprosjekt i Canada og all annan aktivitet selskapet dreiv med ein gong? Det vil seia: Kravde dei ein politikk som hadde mona? Nei, for det kunne dei heller ikkje gjera, for om desse store spørsmåla i klimapolitikken var dei ikkje einige. Dei var einige om at verda var på veg mot katastrofen, eller alt stod midt oppe i han, sidan millionar døydde av klimaendringane i åra før dei skreiv kronikken. Og dei var heilt samde i løysinga dei føreslo: Dei måtte få meir pengar til arbeid på felta sine.

Etter å ha peikt på at verda var på veg mot avgrunnen, føreslo dei følgjande: Det trongst «enkle grep», som dei skreiv. Difor gjekk dei inn for «værvarslingstjenester som gir lokalsamfunn tid til å beskytte avlinger, helse og infrastruktur». Medan verda ifylgje dei sjølve var i ferd med å gå av hengslene, føreslo dei å gje meir pengar til arbeidet dei sjølve dreiv med i utviklingsland: «Det må iverksettes tilpasningstiltak som styrker den lokale beredskapen der risikoen er størst – på landsbygda og i slumområdene i fattige land.» Og dei heldt fram: «Vi» kan ikkje «være bekjente av at de som har bidratt minst til klimautslippene er de som skal fortsette å betale den høyeste prisen».

«Vi» har skulda

I tillegg til å definera kven som var offera, var kronikken òg tindrande klår på kven som hadde skulda. Språket var dramatisk og emosjonelt: «Bangladesh er et av mange eksempler. Landet straffes allerede hardt til tross for at det står for en forsvinnende liten andel av verdens CO2-utslipp». Dei tre forfattarane slo altså fast at landet vert meir enn råka; dei nyttar det ekspressive ordet straffes. Kven vert landet straffa av? Gud? Allah? Nei, oss. Med å nytta ordet straffes kunne ein tru at føremålet var å vekkja raseri i Bangladesh mot Vesten og Noreg, men det var det ikkje, sidan dei jo ikkje publiserte kronikken i Dhaka, men i Oslo. Målet var å skapa dårleg samvit hjå overgriparen – i Noreg; vi hadde skulda for naturkatastrofar rundt om i verda. (I 2017 vart det rapportert om ein storflaum i Bangladesh, men når det vert sagt at 30 prosent av landet står under vatn, og at det er katastrofalt, er det feil: Det er normalt at om lag ein så stor del av landet står under vatn under monsunsesongen, og heile den bangladeshiske økonomien er grunna på at dette skjer årleg).

«Katastrofenes århundre» vart avslutta med ei oppmoding: «Det er vi som bestemmer hvor store konsekvenser naturkatastrofene skal få, og det er opp til oss å snu katastrofetrenden før århundret er omme.» Sagt med andre ord: Det er vi som både kan bestemma omfanget av katastrofen, og som kan snu verdsutviklinga. Vi må – underforstått – berre gje meir pengar til arbeidet deira, så ordnar dei opp.

Kronikken vart skriven av tre av det humanitærpolitiske kompleksets mektigaste politikarar og mest kjende representantar i kjølvatnet av ein «Humanitær konferanse» som Raudekrossen, då leia av Brende, og forskingsinstituttet Norsk Utenrikspolitisk Institutt, då leia av forskingsdirektør Egeland, arrangerte dagen før i lokala til Raudekrossen i Oslo sentrum. Kva vil det seia at røyndomen, eller talet på og omfanget av katastrofane, vart tilpassa åtvaringane frå politikarane om den komande katastrofen? Rapporten dei siterte, sa jo det motsette av kva dei sa han gjorde, og historia undergrev trendspådomen deira. Dei laug sjølvsagt ikkje med vilje, men meir interessant: Dei såg det dei ville sjå, og difor var det heller ikkje for dei nokon motsetnad i å gjera seg til talsmann både for miljø og krig. Og vidare: Det var eit enormt gap mellom dei dramatiske domedagsskildringane av kva som var i ferd med å skje, og dei politiske initiativa og vala dei føreslo. Er fleire enn éi forklåring mogeleg på bakgrunn av heilskapen i kronikken? Klimakortet vart nytta for å samla støtte bak eige humanitærpolitisk arbeid, og for å skapa inntrykk av at dette var leiarar som tok ansvaret for å berge verda.

Etterord

«Katastrofenes århundre», som tre politikarar frå heilt ulike parti skreiv saman, er ei kjelde til nokre av dei sentrale tankefigurane som har prega samtida vår, og er samstundes talande for sjølvforståinga til delar av den politiske leiarskapen. Og her er partimedlemskap ikkje viktig: Kronikken skulle skapa inntrykk av at forfattarane åtte både moralen, ein kontrollknapp på utviklinga og ein kunnskapsbrunn for å forstå han. Men det viste seg altså at rolla deira, som moderne spåmenn, sanntalarar og moralske refsarar, ikkje er lett å spela.

Terje Tvedt er historikar.

Førre artikkel i denne serien:
«Flyktar frå landet Noreg skapte» (1. september)

knapp knapp