Underjordisk av Kvernberg
Ola Kverberg byr på massiv, melodiøs og fengande musikk.
Frå framføringa av tingingsverket på Moldejazz i 2010. Ola Kvernberg (t.v.) har fått med seg Joshua Redman som gjest på scena.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Jazz / samtidsmusikk
Ola Kvernberg:
Steamdome II: The Hypogean
Ola Kvernberg, fiolin, bratsj, cello, gitar, trommer, perkusjon, vokal, elektronikk og tangentinstrument; Erik Nylander, trommer og perkusjon; Øyvind Blomstrøm, gitar og pedal steel gitar; Nikolai Hængsle, gitar og bass; Daniel Buner Formo, tangentinstrument og elektronikk; Martin Windstad, perkusjon; Olaf Olsen, trommer; Kirsti Huke, vokal (7); Stian Carstensen, barytongitar (5). Grappa GRCD4665
Tingingsverket Liarbird til Moldejazz i 2010 representerer ein milestolpe i karrieren til Ola Kvernberg. Frå då har komponisten, arrangøren og orkestratoren teke meir og meir over for fiolinisten. Utgjevinga Steamdome II: The Hypogean representerer eit førebels høgdepunkt i ein karriere som strekkjer seg over meir enn 25 år.
Kvernberg kombinerer skiftande, men til tider intenst pulserande groovar som underlag for eit elektronisk klangteppe som heile tida er i endring. Temaa er korte melodiøse snuttar som han utviklar og vender attende til.
Når dette er på sitt mest vellukka, held Kvernberg oss i age med ein musikalsk malstraum som har ei mengd detaljar, men med ein dynamikk og dramaturgi som inviterer oss inn ved første gjennomhøyring. Musikken til Kvernberg er kompleks og gjennomkomponert, men eigentleg lett tilgjengeleg. Unnataket er den 14 minuttar lange minimalistiske «Devil Worm», men også den får forløysing i ein finale med eit irskinspirert tema.
Kvernberg nyttar studio effektivt og har ein stram regi på det musikalske forløpet. Her er det ikkje rom for improviserte avstikkarar. Steamdome II: The Hypogean er eit musikalsk monster, men Kvernberg har full kontroll.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.