Melodisk berg-og-dal-bane
Paul Meyer briljerer i Carl Stamitz’ konsertar frå klarinettens barndom.
Sjølv om klarinetten blei funnen opp kring år 1700, tok det nesten hundre år før han blei nytta på den måten me er vande med i dag. Den barokke versjonen av instrumentet blei nemleg brukt meir som ein trompet – ’trompet’ heiter clarino på italiensk, og diminutivforma clarinetto tyder ’liten trompet’. I klassisismen mot slutten av 1700-talet, derimot, då klarinetten var blitt vidareutvikla teknisk, oppdaga ein både dei lyriske og dei virtuose sidene ved instrumentet, noko som ikkje berre førte til at det fekk den faste plassen i symfoniorkesteret det framleis har, men òg at det fekk eit speleteknisk krevjande konsertrepertoar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.