Krystallklar korklang
Standardinnspelinga
For deg som ikkje fekk med deg avslutningskonserten til Oslo Kirkemusikkfestival 31. mars (sjå konsertmeldinga på side 40 i denne avisa), der Dunedin Consort & Players framførte Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Messe i h-moll, BWV 232 – ei fin innspeling av dette verket med dette ensemblet kom i 2010. Her kjem det spesielle ved dirigenten John Butts tilnærming til Bachs kyrkjemusikk fint fram. Klangen av koret, som berre har éin songar per stemme, er klår som krystall og den lydlege balansen med orkesteret finstemt. Få tolkingar kan måla seg med den til Butt når det gjeld melodisk flyt i dei kompliserte korsatsane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.