Kakkelomnkonsertar
Neue Hofkapelle Graz blæs liv i ukjende austerrikske klaverkonsertar.
Slottet Wurmberg låg i det austerrikske hertugdømet Steiermark, i det som no er Slovenia. Koparstikk frå 1967.
Slottet Wurmberg låg i det austerrikske hertugdømet Steiermark, i det som no er Slovenia. Koparstikk frå 1967.
Å gøyma noko i ein kakkelomn høyrest synonymt ut med å villa brenna noko i ein kakkelomn. Me får nok aldri vita kvifor nokon pakka ein bunke notepapir pent ned i ei øskje og plasserte henne i ein omn i slottet Wurmberg (slovensk: Vurberk) i dagens Slovenia, i området som fram til fyrste verdskrigen var del av hertugdømet Steiermark i Austerrike. Då omnen blei riven i 1941, blei øskja funnen. Ho synte seg å innehalda notane til 31 ukjende klaverkonsertar frå midten av 1700-talet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.