JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Før og etter 1971

Ein ny TV-serie fokuserer på det sosiale og politiske engasjementet i musikkåret 1971.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marvin Gaye då han tok imot ein Grammy-pris på 25-årsjubileet til organisasjonen i 1983.

Foto: NTB

3495
20210611
3495
20210611

TV-serie

Regi: Asif Kapadia

1971: The Year That Music Changed Everything

USA 2021

Kva har Marvin Gayes What’s Goin’ On og John Lennons «Imagine» felles? 

Eit politisk og sosialt engasjement som viser at rockemusikk kan be deg tenkje og ta stilling, i tillegg til å nynne, danse og ha det ganske så bra. Men så er det også årstalet. Både albumet og låten kom nemleg ut i 1971.

Det var eit år då popmusikken kom til å gripe inn i samtida på ein ny måte, noko som er utgangspunktet for TV-serien 1971: The Year That Music Changed Everything, som for tida er å finne på Apple TV+.

Asif Kapadia har serieregi, og han har eit fint lite lag av smartingar med seg på produksjonen, som viser kanalens satsing på musikkdokumentar – seinare i år kjem mellom anna Todd Haynes’ film om The Velvet Underground, ein produksjon det knyter seg høge forventningar til.

Frå arkiva

Eg har sansen for mangt ved framstillingsforma i 1971. Hovudvekta ligg på eit arkivmateriale som tek sjåaren med tilbake, og ferske intervju får tene som lydspor til desse opptaka. Fleire gonger vert viktige tekstliner frå songane projiserte over bilete som illustrerer kva artistar som Gaye og Lennon hadde på hjartet. Det verkar rett at tekstane og musikken får ein slik plass.

Eg gjekk inn i tenåra den sommaren Live Aid gjekk av stabelen i 1985, konserten som vart ei global, fjernsynssend hending som samla inn pengar til sveltande i Etiopia. Seinhausten før hadde ei rekkje sentrale britiske popartistar på den tida laga førjulshiten «Do They Know It’s Christmas» til inntekt for same sak, og berre nokre veker før hadde eit solid knippe nordamerikanske artistar følgt opp med «We Are the World».

I dag er popkulturens sosiale engasjement nærast for ein klisjé å rekne. Med det meiner eg ikkje at det ikkje er viktig eller har innverknad, berre at ingen vert overraska over det lenger. Folk som Bono (U2) balanserer ideologi, kreativitet og kommers etter beste evne, med vekslande hell, uten at nokon får kaffien i vrangstrupen.

Undervurdert

Slik var det ikkje i 1971, og det får denne TV-serien godt fram. Ved inngangen til det tiåret var det framleis usannsynleg at dei som løfta dagen din med ein bra låt, skulle skrape i det sosiale samvitet ditt med musikken dei laga, be deg om å tenkje gjennom samtidspolitiske, globale spørsmål knytte til fattigdom, sosial rettferd, rasisme, krigføring og ideologi, for å nemne nokre av tematikkane som det vert kasta lys på i TV-serien. Heilt nytt var det sjølvsagt ikkje, men det vart viktig på ein ny måte.

1971 er basert på David Hepworths bok Never a Dull Moment: 1971 The Year That Rock Exploded, som kom for fem år sidan. Det å nytte eit årstal som prisme for kulturell og historisk analyse har vorte eit mykje brukt grep – tenk berre på alle forteljingane om 1968.

Somme gonger kan det verke som om forfattarar, filmskaparar og andre forteljarar konsulterer kalenderen for å leite etter nye inngangar til oppsummering og revisjonisme. I summariske og analytiske framstillingar av historiske rørsler og samanhengar er populærkulturen likevel framleis undervurdert, noko som også kjem fram i Louis Menands ferske bok The Free World: Art and Thought in the Cold War, der eit par av artistane i 1971 vert vigde plass. Vi treng store forteljingar som løftar fram musikkens plass i det store biletet.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Harris blir heimsøkt av inflasjonen

Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.

Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Meiningslaust å straffe sjuke

Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis