Dystopisk bossa nova
Nytt album med tilhøyrande kortfilm frå Radiohead-vokalist.
Anima, den nye soloplata til Radiohead-vokalisten Thom Yorke, startar med eit smell. Dundrande elektroniske basstrommer rullar av garde som torevêr over eit flettverk av suggererande, technoaktige synthar, akustisk trommevisping og artistens sedvanleg spaksolide stemme som syng i kor med seg sjølv. Stemninga er dunkel og dyster, men samstundes drivande og medrivande, og slik fortset det heile denne framifrå plata gjennom. Femtesporet framstår kan hende som hakket meir oppstemt, med ein bortimot lystig bossa nova-beat, men så er tittelen trass alt «I Am A Very Rude Person».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.