Dundrande duett
Koparstikk av danske Altona, her stukke i brann av svenskane i 1713.
Koparstikk av danske Altona, her stukke i brann av svenskane i 1713.
For oss som likar den tyske barokkomponisten Georg Philipp Telemann (1681–1767), er plateselskapet CPO ei gullgruve, for fleire gonger i året kjem dei med innspelingar av ukjende Telemann-verk. Her er det det suverene Barockwerk Hamburg som spelar innviingskantatar komponerte for Altona, det som i dag er ein bydel nordvest i Hamburg, men frå 1640 til 1864 var ein viktig dansk hamneby med Europas fyrste frihamn. Spesielt likar eg Geschlagene Pauken, auf! (1744), som blei til i høve opninga av gymnaset i Altona og hyllar Danmark-Noregs kong Kristian VI. For kven andre enn Telemann kunne i barokken koma på å skriva denne typen dundrande duettparti for paukar og basunar?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.