Byen og skogane
Jon Hopkins lèt seg inspirere av motsetjingane i det moderne tilværet.
Bilete frå musikkvideoen som følgjer låten «Emerald Rush».
Electronica
Jon Hopkins:
Singularity
Domino/Playground
Første gongen eg lytta til Jon Hopkins’ nye album Singularity, stod brått trettenåringen i døropninga med ei uroleg mine i andletet. Han lurte på om ei midtlivskrise hadde drege meg ut av den sedvanlege, sidrumpa americanaen og kasta meg lukt inn i technomusikken. Suggererande kaskadar av lyd frå tittelsporet slo gjennom og fylte rommet.
Men alle som kjenner til Hopkins, veit at han lagar instrumentalmusikk for høyretelefonfolket vel så mykje som for dansegolvet: for dei som vandrar rundt i tungt trafikkerte gater pakka inn i store øyreklokker, og som tilsynelatande ikkje lèt seg affisere av noko som helst – dei som har lært seg å navigere gjennom allslags virak med ei kontemplativ mine som tyder på at dei likevel er på sin eigen planet.
Kontrastrik
Singularity er kontrastrik, for etter ei opning som får alle byens gater til å kjennest som tronge dansegolv, går albumet over i noko meir svevande og meditativt, frå og med det femte sporet «Feel First Life», og gjennom siste halvdel, med eit mogleg høgdepunkt i tolv minutt lange «Luminous Beings». Halvvegs flyttar altså Singularity hovudvekt over i noko meir organisk, og pianoet får spele ei sentral rolle. Bruken av kor i «Feel First Life» får midtsporet til å likne på eit orkesterverk.
Fleire vil kjenne Hopkins frå tida i Imogen Heap, eller frå samarbeid med folk som Brian Eno og Coldplay. For underteikna er plata han laga saman med King Creosote, Diamond Mine (2011), ei av dei sterkaste utgivingane dei siste ti åra – eit musikalsk møte som på overflata kunne verke usannsynleg, men som når alt kom til alt, var perfekt. King Creosote var også med på Immunity (2013), som stadfesta Hopkins’ posisjon som soloartist, utan at han fekk det for travelt. Han skulle altså la det gå fem år før neste album under eige namn kom ut.
Heilskapleg
Når Hopkins gjestar Oslo i oktober, har han valt seg Rockefeller som rom, og det varslar eit og anna om kva for arena han ønskjer seg for den nye musikken sin. På sitt vis er Singularity eit kamprop for albumformatet. Hopkins sjølv insisterer på at dei ni spora utgjer eit heilskapleg verk, og at intensjonen er at lyttaren skal ta seg tid til å ta innover seg alt saman i løpet av «one sitting», som det heiter. Det manglar ikkje på ambisjonane. Pianisten, komponisten, artisten og produsenten har ønskt å fange ei paradoksal, motsetjingsfull moderne kjensle i albumet, nemleg det han omtalar som «dissonansen mellom den dystopiske urbaniteten og dei grøne skogane».
Du kan nyte Singularity utan dette konseptuelle vegkartet, som for somme vil vere i overkant, men etter å ha nylytta med Hopkins’ instruks i bakhovudet, må eg vedgå at eg er fascinert. Når albumet munnar ut i den enkle melodien «Recovery», er det tale om ei heilande tilbaketrekking inn i noko som er elementært og menneskeleg og likevel forankra i ei tilhøyrsle i noko større enn menneskeverda. Singularity er musikk for vår tid.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.