Brubyggjaren
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Foto: Lena Lahti
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland.
Foto: Lena Lahti
Nils Anders Mortensen figurerer på dette albumet òg, her i lag med Marianne Beate Kielland, som syng songar av Eivind Groven (1901–1977). Duoen er røynd, til no har dei gjeve ut åtte interessante CD-ar på det norske plateselskapet LAWO. I den glimrande omslagsteksten framhevar musikkvitaren Anne Jorunn Kydland at Groven som komponist, folketoneinnsamlar og vitskapsmann fungerte som brubyggjar mellom by- og bygdekulturen i Noreg. Sjølv om Groven hadde opphav i tradisjonsmusikken frå Vest-Telemark, er det ikkje alltid attskin av det folkemusikalske i songane hans; dei kling fyrst og fremst «grovensk», som kollegaen Geirr Tveitt uttrykte det. I Kielland har dei sitt beste medium – ho syng, som alltid, storarta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.