Bilen og huset
The Delines har laga endå ei flott plate.
The Delines fotografert i øvingsstudioet i september i fjor.
Foto: Jason Quigley
Rock
The Delines:
The Imperial
Decor /
Border
New Orleans er ikkje ein god stad å vere blakk, finn ungdomsparet Eddie og Polly ut i ein av songane på The Imperial, den nye plata frå The Delines. Men, som det så lakonisk heiter eit par verseliner seinare: «they are too young to understand there ain’t no good place to be broke.»
Den vesle forteljinga i «Eddie & Polly» rommar mykje, i likskap med mange av songane til Willy Vlautin. For dei som ikkje kjenner The Delines frå før, er møtet mellom forfattar og låtskrivar Vlautin, som ein gong var med i Portland-bandet Richmond Fontaine, og vokalist Amy Boone frå Texas-gruppa The Damnations, særleg sentralt. Saman står dei for orda og røysta i banduttrykket, begge for nøkkelingrediensar å rekne.
Mjuk americana
Men resten av gjengen i The Delines er jo viktige, dei også. Den mjuke, elegante americanaen står godt til historiene som vert fortalde, som unekteleg er av det mørkare slaget. Bandet latar til å ha ei forankring i Portland, for trommis Sean Oldham har også ei fortid i Richmond Fontaine, og Jenny Conlee, som er med på tangentar, og Tucker Jackson, som er med på steelgitar, kjem begge frå Portland-bandet The Decemberists.
Kanskje somme lesarar kjenner det førre albumet frå The Delines, Colfax (2014), ei kritikarrost utgiving som det har tatt heile fem år å følgje opp, delvis fordi Boone vart utsett for ei stygg bilulukke for tre år sidan. The Imperial representerer ikkje eit markant skifte, men held same høge kvalitet.
Omslagsfotoet til det nye albumet er svært så suggestivt, som om det skulle ha pryda ei novellesamling. Ein einsleg, kvit bil er plassert på ein stor, elles tom parkeringsplass, framføre ein sjaskete bygning. Sjansane er gode for at ein lytt til The Imperial er nok til at du ser føre deg ei eller fleire av scenene i songane utspele seg der.
Ublide lagnader
Det er ein ublid lagnad fleire av karakterane til Vlautin møter på sin veg. «It’s a hard world», heiter det i «Holly the Hustle», ein song som fort kan få ein til å tenkje på opp til fleire av songane Robbie Robertson skreiv for The Band, både i tekst og melodi, sjølv om Robertson kanskje aldri har teikna opp ei så fullstendig tragisk livsforteljing som den Vlautin utstyrer stakkars Holly med. Låten er mellom mine favorittar så langt i det nye året.
I hyllene mine finn The Imperial seg fint til rette i naboskap med fleire plater ho minner meg om, mellom dei varme og vise utgivingar som Neko Case-albumet Fox Confessor Brings the Flood (2006) og Doug Paisleys Strong Feelings (2013) – ein svært så fin inngang til plateåret 2019, med andre ord.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.