Arkivet: Yankee Purple Foxtrot
Filmregissør Barry Jenkins.
Foto: Richard Shotwell / AP / NTB
Om du høyrer til mellom dei som er glad i det banebrytande Wilco-albumet Yankee Hotel Foxtrot (2001), bør du sjekke ut det Barry Jenkins har gjort med plata på miksteipen Yankee Purple Foxtrot som dukka opp i haust.
Filmregissøren Jenkins (f. 1979) vil vere kjend for lesarar som mannen bak den framifrå spelefilmen Moonlight (2016), og vi kan snart sjå fram til ein TV-serie basert på Colson Whiteheads roman The Underground Railroad (2016), der han står for både manus og regi. At Jenkins også likar å tukle kreativt med innspelt musikk, visste ikkje eg, trass i at han i 2017 tok føre seg to Grizzly Bear-plater, Veckatimest (2009) og Painted Ruins (2012).
Med seg på Yankee Purple Foxtrot har han DJ Candlestick, OG Ron C og The Chopstars.
Då Jeff Tweedy og Wilco gav ut Yankee Hotel Foxtrot for to tiår sidan, braut dei opp rockekomposisjonane i botnen av albumet. Glenn Kotche var ny på perkusjon, Jim O’Rourke produserte, og begge desse to vekte ein dekonstruksjonistisk glød i Tweedy. Denne gløden er godt teken vare på i ei speleliste som i stil liknar på det Rolling Stone omtalar som «a chopped-and-screwed mixtape».
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Om du høyrer til mellom dei som er glad i det banebrytande Wilco-albumet Yankee Hotel Foxtrot (2001), bør du sjekke ut det Barry Jenkins har gjort med plata på miksteipen Yankee Purple Foxtrot som dukka opp i haust.
Filmregissøren Jenkins (f. 1979) vil vere kjend for lesarar som mannen bak den framifrå spelefilmen Moonlight (2016), og vi kan snart sjå fram til ein TV-serie basert på Colson Whiteheads roman The Underground Railroad (2016), der han står for både manus og regi. At Jenkins også likar å tukle kreativt med innspelt musikk, visste ikkje eg, trass i at han i 2017 tok føre seg to Grizzly Bear-plater, Veckatimest (2009) og Painted Ruins (2012).
Med seg på Yankee Purple Foxtrot har han DJ Candlestick, OG Ron C og The Chopstars.
Då Jeff Tweedy og Wilco gav ut Yankee Hotel Foxtrot for to tiår sidan, braut dei opp rockekomposisjonane i botnen av albumet. Glenn Kotche var ny på perkusjon, Jim O’Rourke produserte, og begge desse to vekte ein dekonstruksjonistisk glød i Tweedy. Denne gløden er godt teken vare på i ei speleliste som i stil liknar på det Rolling Stone omtalar som «a chopped-and-screwed mixtape».
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.