Arkivet: The Rolling Stones
Då Goats Head Soup kom ut i 1973, inneheldt albumet ti songar, men når The Rolling Stones no gir ut plata i ei deluxeutgåve, har det omfattande ekstramaterialet med rette fått mykje merksemd. Heile ti songar som vart spela inn, men ikkje kom med på Goats Head Soup, er med i luksuspakken, både alternative versjonar og hittil ukjende låtar, mellom dei «Scarlet», der Jimmy Page (Led Zeppelin) er med på gitar. Som om ikkje det var nok, har gamlekarane fått med seg folk som Adam Granduciel (The War on Drugs) til å remikse «Scarlet», eit interessant eksperiment. Ein heil konsert er også med, frå Brussel hausten 1973, med spektakulære versjonar av klassikarar som «You Can’t Always Get What You Want» og «Midnight Rambler».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.