Arkivet: Joan as Police Woman
Joan Wasser alias Joan as Police Woman.
Pressefoto
Det er lite tvil om at Joan Wasser – den amerikanske artisten fleire vil kjenne som Joan as Police Woman – trygt kan unne seg ei såkalla retrospektiv utgiving, 13 år etter debuten Real Life, som har vorte følgd av seks sterke og stilistisk uhyre varierte studioalbum.
No er Joanthology her, ei fin oppsummering og påminning, og med litt av eit omfang – heile 43 songar finst på utgåva eg har fått tilsend, tre timar og eit kvarter med musikk. Samla slik får det heile nesten noko overveldande over seg.
Nokre obligatoriske nye spor finst også i materialet. Om nokon skulle kunne ta på seg å finne vegen tilbake til Prince-hiten «Kiss», så er det vel Joan as Police Woman. Versjonen hennar av Talk Talk-låten «Myrrhman» er også med, sist høyrd på tribute-plata Spirit of Talk Talk (2012), og den tredje plata på Joanthology inneheld eit konsertopptak gjort i BBC. I sommar turnerer Joan as Police Woman i Storbritannia og i Irland.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det er lite tvil om at Joan Wasser – den amerikanske artisten fleire vil kjenne som Joan as Police Woman – trygt kan unne seg ei såkalla retrospektiv utgiving, 13 år etter debuten Real Life, som har vorte følgd av seks sterke og stilistisk uhyre varierte studioalbum.
No er Joanthology her, ei fin oppsummering og påminning, og med litt av eit omfang – heile 43 songar finst på utgåva eg har fått tilsend, tre timar og eit kvarter med musikk. Samla slik får det heile nesten noko overveldande over seg.
Nokre obligatoriske nye spor finst også i materialet. Om nokon skulle kunne ta på seg å finne vegen tilbake til Prince-hiten «Kiss», så er det vel Joan as Police Woman. Versjonen hennar av Talk Talk-låten «Myrrhman» er også med, sist høyrd på tribute-plata Spirit of Talk Talk (2012), og den tredje plata på Joanthology inneheld eit konsertopptak gjort i BBC. I sommar turnerer Joan as Police Woman i Storbritannia og i Irland.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»