20201127
Arkivet: Gillian Welch
Det finst vel knapt ein meir solid forvaltar av americana enn Gillian Welch, som frå og med debuten Revival (1996) saman med David Rawlings har levert nokre av dei finaste utgivingane dei siste 25 åra. Time (The Revelator) (2001) står som ein bauta i diskografien, men ei utfordring for ein artist som legg lista så høgt, er at ein vert såpass kresen på kvaliteten at ein kanskje vert litt knipen. Welch høyrer ikkje til mellom dei som pøser ut halvferdig materiale eller tømmer skuffene når det har vore stille ei stund. Trufaste lyttarar kan verte rastlause, tørste på meir.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.