JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Dusty Springfield

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1481
20210312
1481
20210312

Eg vert ikkje trøytt av Dusty in Memphis (1969), ei av dei fremste favorittplatene mine, laga av Dusty Springfield (1939–1999) i tida ho spelte inn musikk for selskapet Atlantic. Perioden er no dokumentert på ferske The Complete Atlantic Singles 1968–1971, der albumet får godt med plass.

Samleutgivinga byr på totalt 24 spor og tydeleggjer den fornyinga av uttrykket den godt etablerte stjerna Springfield ønskte seg då ho forlét Philips i 1968 med eit sterkt ønske om å samarbeide med produsenten Jerry Wexler.

The Memphis Boys, husbandet i American Sound Studio i Memphis, spelar ei viktig rolle, det same gjer The Sweet Inspirations, gruppa Emily «Cissy» Houston (mor til Whitney) stifta i 1959. Miksen av desse elementa lét Springfield stå fram som ein ny og annleis soulartist – hakket råare, vil kanskje somme seie.

Eg høyrer til generasjonen som først møtte Springfield gjennom Pet Shop Boys-hiten «What Have I Done to Deserve This?» (1987), og deretter i studietida fann vegen til gamle plater gjennom lydsporet til Quentin Tarantinos Pulp Fiction (1994), der «Son of a Preacher Man», opphavleg på Dusty in Memphis, var med, i den for mange ugløymelege scena der Vincent Vega (John Travolta) kjem heim til Mia Wallace (Uma Thurman) og i smått rusa tilstand miksar seg ein drink etter husvertens instruksjonar.

The Complete Atlantic Singles 1968–1971 er klassisk popmusikk, som løftar dagen din eit hakk, slik klassisk popmusikk kan.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg vert ikkje trøytt av Dusty in Memphis (1969), ei av dei fremste favorittplatene mine, laga av Dusty Springfield (1939–1999) i tida ho spelte inn musikk for selskapet Atlantic. Perioden er no dokumentert på ferske The Complete Atlantic Singles 1968–1971, der albumet får godt med plass.

Samleutgivinga byr på totalt 24 spor og tydeleggjer den fornyinga av uttrykket den godt etablerte stjerna Springfield ønskte seg då ho forlét Philips i 1968 med eit sterkt ønske om å samarbeide med produsenten Jerry Wexler.

The Memphis Boys, husbandet i American Sound Studio i Memphis, spelar ei viktig rolle, det same gjer The Sweet Inspirations, gruppa Emily «Cissy» Houston (mor til Whitney) stifta i 1959. Miksen av desse elementa lét Springfield stå fram som ein ny og annleis soulartist – hakket råare, vil kanskje somme seie.

Eg høyrer til generasjonen som først møtte Springfield gjennom Pet Shop Boys-hiten «What Have I Done to Deserve This?» (1987), og deretter i studietida fann vegen til gamle plater gjennom lydsporet til Quentin Tarantinos Pulp Fiction (1994), der «Son of a Preacher Man», opphavleg på Dusty in Memphis, var med, i den for mange ugløymelege scena der Vincent Vega (John Travolta) kjem heim til Mia Wallace (Uma Thurman) og i smått rusa tilstand miksar seg ein drink etter husvertens instruksjonar.

The Complete Atlantic Singles 1968–1971 er klassisk popmusikk, som løftar dagen din eit hakk, slik klassisk popmusikk kan.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jonas Bals er fagleiar i LO og utdanna målarsvein og historikar. Han har skrive fleire bøker og er dessutan spaltist og bokmeldar.

Foto: Siw Pessar

BokMeldingar

Jonas Bals har skrive ei tjukk, viktig bok nummer to om fascisme. Men å skrive objektivt om si eiga tid er ei krevjande øving.

Torgeir E. Sæveraas

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis