🎧 Kaukasisk koloritt
Torleif Thedéen byggjer opp spenningsfulle frasar i Khatsjaturjans cellokonsert.
Den armenske komponisten Aram Khatsjaturjan (1903–1978) frå Georgia på eit sovjetisk frimerke frå 1983.
Den armenske komponisten Aram Khatsjaturjan (1903–1978) frå Georgia på eit sovjetisk frimerke frå 1983.
«Khatsjaturjan imiterer berre seg sjølv!», utbraut komposisjonsprofessoren ved Gnesin-instituttet i Moskva då han gjekk gjennom leksa han hadde gjeve elevane sine, nemleg å skriva eigne variasjonar over «Solveigs sang» frå Edvard Griegs andre Peer Gynt-suite. Alle elevane hadde løyst oppgåva slik lærebøkene føreskreiv – med unntak av den sjølvlærte bokbindarsonen Aram frå Tbilisi i Georgia, som instinktivt utstyrte Solveig med det professoren kalla «eintydig orientalske rytmar».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.