Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Moralsk historieskriving

| Den 9. november 2018

Moralsk historieskriving

Foto: Astrid Snipsøyr

Marte Michelet ser på historia med dagens briller.

Historie
Marte Michelet:
Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge, varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet
Gyldendal
Marte Michelet målar opp eit stor lerret i boka Hva visste hjemmefronten? Boka har mange aktørar og historier samla mellom to permar. Michelet, som skreiv boka Den største forbrytelsen: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust i 2014, er denne gongen oppteken av kva heimefronten visste og gjorde då dei norske jødane vart arresterte og deporterte hausten 1942 og våren 1943. Svikta heimefronten jødane? Og kva gjorde eksilregjeringa i London?
Michelets nye bok er velskriven. Forfattaren er engasjert og har ei historie ho vil fortelje. Hovudtesen er at fleire i den norske heimefronten visste at dei norske jødane skulle deporterast, men at leiande personar i heimefronten ikkje gjorde noko for å hindre det. Sanninga er, skriv forfattaren, ikkje at «jødeutryddelsen lå utenfor menneskelig fatteevne, men at det ligger utenfor vår tids fatteevne at man kunne stille seg likegyldig til den. Vi kan ikke tro at datidens helter ikke ville ha gjort mer for å redde sine medmennesker fra deportasjon til døden» (s. 341).

Premissane
For å underbygge påstanden om at motstandsrørsla ikkje gjorde noko for å berge jødane, prøver ho å få fram fordommar som aktørane hadde mot dei, og at desse fordommane var ei medverkande årsak til at dei valde å ikkje gjere noko.
Michelet skriv at «jødene var en uglesett, upopulær minoritet som store deler av befolkningen stilte seg skeptiske eller rent ut fiendtlige til. Og disse holdningene strakte seg langt inn i den organiserte motstandsbevegelsen» (s. 108–109). Og når ho gjev att dagboksitat frå Jens Chr. Hauge, sit lesaren att med eit inntrykk av at Hauge mislikte jødar generelt og såleis svekkjer det moralske truverdet hans.
Ja, antisemittiske haldningar spelte ei rolle i samfunnet den gongen. Men ein må skilje mellom fordomar og viljen til å delta i, eller sjå ein annan veg då jødane vart truga med arrestasjon.
Heltane
To viktige heltar i forteljinga til Michelet er grev Helmuth James von Moltke, offiser i den tyske etterretninga Abwehr, og den tyske transportoffiseren i Oslo, Theodor Steltzer. Desse to personane skal ha gjeve opplysningar om den komande jødedeportasjonen til den norske motstandsrørsla.
Michelet er ikkje heilt tydeleg her, men eg oppfattar det slik at Moltke gav tre varsel om at jødane kunne verte deporterte: eit i november 1941, eit i april 1942 og eit i september 1942. Ho hevdar òg at Steltzer, etter ein konferanse i Berlin seint i oktober 1942, kom med eit konkret varsel om deportasjonar.
Desse varsla har sentral betyding for Michelets argumentasjon i boka. Men ho finn lite med omsyn til reine kjelder om saka. Ho hevdar at Moltke og andre tyske opposisjonelle gjekk inn i ein ny fase i november 1941, «der et nytt og tyngre ansvar hvilte på dem: Nå handlet det om å stoppe et folkemord» (s. 36).
Michelet hevder seinare at Steltzer må ha fått informasjonen Moltke hadde, utan at dette kan provast. Likevel finn ho ikkje spor av denne informasjonen hos sentrale aktørar i den norske motstandsrørsla. Det same er tilfellet med dei andre varsla som kom frå dei to tyske offiserane. Kvifor er det slik? Éi forklaring kan vere at varsla ikkje blei gjevne, ei anna forklaring kan vere at dei ikkje blei formidla vidare.
Michelet slår fast at frå «Helmuth James von Moltke og Theodor Steltzer kom det første varselet om ’den endelige løsningen’ trolig allerede i april 1942» (s. 332). Dette baserer ho på eit intervju historikaren Ragnar Ulstein gjorde med Arvid Brodersen, sambandsmannen til transportoffiseren Steltzer, i 1970-åra. Ho diskuterer om dette verkeleg kan stemme, men kjem fram til at det medvite vart undertrykt av Brodersen at ei slik melding kom.

Gunnar Sønsteby
Også eit anna intervju gjort av Ulstein er av betyding for Michelet: eit intervju der Gunnar Sønsteby, som var agent for britiske Special Operations Executive (SOE), forklarer at han fekk vite om aksjonen frå kjelder i Statspolitiet tre månader før aksjonen vart sett i gang. Slik sa Sønsteby det: «Ja, vi kom borti dette tre måneder før dette ble iverksatt, og da var det vår hundre prosent oppfatning at jødene ville bli tatt i Norge.»
«Hvorfor skal vi tro Sønsteby på at han fikk vite om aksjonen tre måneder på forhånd, gjennom sine folk i Statspolitiet» (s. 160), spør Michelet retorisk, for det er ikkje nokon andre som nemner eit slikt konkret varsel. Grunnen, hevdar Michelet, er at intervjuet er gjort før holocaust som fenomen slo gjennom i den offentlege diskusjonen.
Men kan det finnast andre forklaringar? Det finst nemleg ikkje noko dokument frå det norske Statspolitiets eige arkiv som alt i juli 1942 peikar mot ein aksjon mot jødane. Ein historikar må alltid vurdere munnlege kjelder opp mot anna materiale. Kan Sønsteby ha hugsa feil?
Spørsmålet som Michelet stiller, er interessant. Eg vurderte sjølv dette materialet då eg skreiv boka Holocaust i Norge, men kunne ikkje sjå at eg kunne legge vekt på det med tanke på kva som kom fram i anna materiale. Eg meiner at Sønsteby må ha hugsa feil.
Det som det er full semje om, er at Moltke gav eit varsel til transportoffiseren Steltzer under eit møte i Oslo i september 1942. Ein som var oppteken av dette varslet, var professor Johan Vogt. I ein artikkel frå 1987 skreiv han om Moltke, Brodersen (som var ein god ven av han) og fleire. Han beundra Moltke og Steltzer grenselaust. Vogt skriv at Moltke ikkje visste kva den «endelege løysinga» verkeleg betydde på dette tidspunktet. Det fekk han fyst vite eit par veker etter at han hadde vore i Noreg. Boka til Vogt, Livet går videre, er ikkje på litteraturlista til Michelet.
Vogts opplysningar stemmer godt med Moltkes eiga tidgjeving; Moltke skreiv i eit brev til kona Freya 10. oktober 1942 at han hadde fått «autentiske» opplysningar frå Polen om krematoria. Informasjonen Moltke fekk, var at desse krematoria kunne «tilintetgjøre» 6000 menneske kvar dag.
Moltke hadde fått høyre slikt tidlegare, men så legg han til noko viktig: «Før no har eg ikkje trudd på det.» Moltke er sitert i mange internasjonale verk, og denne siste setninga er alltid med, men ikkje hos Michelet.
Dette er eit viktig punkt. Korleis skulle folk i motstandsrørsla tyde desse uhyrlege opplysningane dei fekk om kva jødane hadde i vente? Vi som omtalar fortida, må vere medvitne om at omgrepet «krematorium» ikkje var noko folk kunne førestille seg den gongen.

Ragnar Ulstein
I boka nyttar Michelet fleire av intervjua Ulstein gjorde med ei rekkje norske motstandsfolk, inkludert Arvid Brodersen og Gunnar Sønsteby. Begge desse skal på ulikt vis ha sagt til Ulstein at dei visste om aksjonen mot jødane lenge før han vart innleia, og at Ulstein såleis blir framstilt av Michelet som ein som har tilsløra historia, og at Ulstein klandrar jødane sjølve fordi dei ikkje flykta (s. 330).
Det siste siterer ho frå Ulsteins eiga bok Jødar på flukt. Men ho stoppar siteringa for tidleg: Ulstein fortset med å forklare kvifor jødane ikkje flykta. Han siterer Mendelsohn, som hevda at jødar var «grepet av den samme optimistiske stemning som den øvrige befolkning, ihvertfall tidvis. En regnet stadig med bare tre–fire måneder (…) før det ville skje noe avgjørende» (Ulstein 1995, s. 55–56).
Så forklarer Ulstein at mange motstandsfolk òg var optimistiske og trudde for mykje på at tyskarane snart ville tape krigen. Han nemner fleire motstandsfolk som blei varsla, men som ikkje flykta. Resultatet var arrestasjon og seinare avretting. Altså prøver Ulstein å seie mot forteljinga om at jødane var naive. Kvifor tar ikkje Michelet med dette?
Eg har lese alle intervjua til Ulstein om svensketrafikken og etterretningsarbeidet; det er fleire hundre av dei. Eg meiner at Ulstein alltid var opptatt av lagnaden til jødane, og ofte spurde han dei han intervjua, om dei hadde vore i kontakt med jødar eller visste noko om flukta til jødane. I desse intervjua kom det fram mange opplysningar som har betyding for ettertida.
Michelet skriv som om Ulstein medvite har underrapportert opplysningar han har fått, og at han har skjønmåla motstandsrørslas handlingar. Eg synest Michelet gjer for mykje ut av enkelte sitat, for heilskapen i kjeldematerialet til Ulstein er ikkje eintydig.
Arvid Brodersen
Michelet nyttar òg mykje plass på Arvid Brodersen. Sosiologen Brodersen var sterkt oppteken av rasehygiene i 1920- og 1930-åra. Implisitt kan det ha påverka rolla hans under krigen, meiner Michelet.
Brodersen var sekretær for Stortingets presidentskap under forhandlingane med representantar for Terboven i 1940 – dei såkalla Riksrådsforhandlingane. Om dette meiner Michelet: «Det er mye som tyder på at Brodersen ble hentet inn i Riksrådsforhandlingene ikke på tross av det nære forholdet han hadde hatt til nazismen, men på grunn av det.» (s. 64) Det er ein dryg påstand som mistenkeleggjer Brodersen, og som ho ikkje dokumenterer i boka.
Det er sentralt for Michelet å påstå at han var opptatt av rasehygiene òg etter krigen. For å underbygge dette viser ho til ei bok av Brodersen frå 1982, der han skriv om den amerikanske hæren (etter krigen) at dei fleste av soldatane er «sorte» og at «(p)roblemet med alt dette er negrenes lave intelligens» (s. 327–328). Sjølv tykte eg dette var så oppsiktsvekkande, at eg måtte sjå i boka hans. Og her driv Michelet med sitatfusk: Brodersen konkluderer tvert om med at dei «svarte» i hæren har ein intelligens som ligg høgare enn hos dei «kvite». Kvifor denne omskrivinga av Michelet?

Kven svikta?
Eg les forteljinga til Michelet slik at ho har eit formål med boka. Ho vil vise korleis vi som nasjon svikta jødane, og at nokon svikta meir enn andre, nemleg motstandsrørsla og eksilregjeringa i London. Særleg skriv ho om Arne Ording, som i dagboka si hadde fleire nedsetjande kommentarar om jødar i London. Men igjen blir spørsmålet: Kva innverknad hadde det på den norske politikken?
Premissen er den same: Dei visste kva som skulle skje med jødane, men varsla dei ikkje. Dei byrja heller ikkje ein storstilt redningsaksjon, noko som etter Michelets eiga vurdering ville ha vore mogleg.
Men kor lett var det å setje i gang ein storstilt redningsaksjon i 1942, då motstandsrørsla var i ein overgangsfase. Ho var fragmentert, hadde lite våpen og lite trening. Ein kunne ikkje forvente at denne laust organiserte rørsla skulle kunne få til ein koordinert redningsaksjon.
Ei viktig problemstilling står att: Rolla til den tyske transportoffiseren og varslaren Theodor Steltzer, ein av heltane til Michelet, er ikkje uproblematisk. Steltzer hadde ei sentral rolle i den tyske okkupasjonsmakta i Noreg: Han organiserte all tysk transport inn og ut av landet – av soldatar, krigsfangar, forsyningar, ammunisjon og så vidare. Dette var ingen lita rolle. Dei meir enn 300.000 soldatane i Noreg skulle ha tilstrekkelege forsyningar.
I eit intervju Ragnar Ulstein gjorde med kona til ein annan tysk varslar, Wolfgang Geldmacher, sa ho mykje rosande om Steltzer. Men ho sa òg at Steltzer ikkje ville gje informasjon som kunne føre til at tyske soldatar vart drepne. Han ville heller ikkje opplyse kontaktane sine om kva tid tyske skip skulle segle til og frå Noreg. Det er såleis uklart kva slags reell hjelp Steltzer eigentleg ytte heimefronten.
Eg må vedgå at eg sjølv er særs ambivalent til Steltzer. Han kom med varsel, ja, men han var òg – slik eg ser det – ein overgripar; han var ein av dei som bidrog til at jødane vart deporterte. Skipa som vart nytta til forsyningar, vart òg nytta til å frakta norske jødar til Tyskland.
Eg kunne ha kommentert meir i Michelets bok, men det lyt ligge. Det er viktig at vi har eit kritisk blikk på alle aktørane under krigen. Eit slikt kritisk blikk har Michelet på motstandsrørsla. Men ein må ikkje sjå på historia med dagens briller og driva moralsk historieskriving. Det gjer Michelet i denne boka.
Bjarte Bruland
Bjarte Bruland er historikar og statsstipendiat.

Marte Michelet omtalar Bjarte Brulands bok Holocaust i Norge i boka si. Ho er kritisk til nokre av konklusjonane hans, men nyttar boka som kjelde.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa