Image Image Image Image Image Image Image Image Image Image

Dag og Tid | 18.11.2018

Gå til toppen

Toppen

Milliardar mot svart symbol

| Den 22. juni 2018

Milliardar mot svart symbol

Teikning: May Linn Clement

Regjeringa har vedteke å legga ned koldrifta på Svalbard. Kostnaden ved oppryddinga vart aldri kvalitetssikra.

Fjella rundt Longyearbyen er gjennomhola av gruvegangar. Taubanetrasear viser veg til hamna, dit kolet vart frakta ut. I dag har det statlege selskapet Store Norske berre éi gruve att i Svalbards største busetnad, Gruve 7. Ho forsyner det lokale energiverket med kol i tillegg til nokre båtlass som hovudsakeleg går til industri i Europa.
Kolbilar står for transporten til hamna. Dei passerer administrasjonsbygningen til Store Norske på vegen. Det gjer også cruiseturistar i store straumar, gjerne midt i vegen. Innanfor vindauga har arkitektar, ingeniørar, gründerar og turoperatørar fått plass, i kontor som tidlegare romma folk som berre tenkte på kol.
Longyearbyen er i omstilling, og norsk gruvedrift på Svalbard er utvilsamt på hell, men får ho avslutninga ho burde få?

Full stopp
Ein liten flytur sør for Longyearbyen ligg gruvesamfunnet Svea. Det var der, i Svea Nord-gruva, at det gjekk så det suste for nokre år sidan. For å forlenga drifta opna Lunckefjell-gruva i februar 2014. Då var ein tre kilometer lang autostrada bygd over breen mellom gamal og ny gruve. Flunkande nye hallar og kontor stod klare. Det var berre å la kolet strøyme ut. Men så sokk kolprisane. All drift i Svea vart sett på vent.
I fjor haust leverte styret i Store Norske ein forretningsplan til eigaren Næringsdepartementet. Kolprisane hadde stige, og framtidsprisane såg lovande ut. Styret anbefalte oppstart, og planen deira viste at dei med slike prisar og kursar ville kunne tilbakebetala oppstartkapitalen og få overskot på drifta.
Det er rundt 14 millionar tonn kol att i Svea og Lunckefjell, noko det vil ta mellom 12 og 15 år og 280 arbeidsplassar å driva ut. Styrets alternativ til drift var avvikling og opprydding i om lag fire år til anslagsvis 700 millionar kroner.
Regjeringa sette ikkje lit til planen til Store Norske. I forslaget til statsbudsjett gjekk dei inn for å stoppa all drift i Svea og bygga heile samfunnet ned. Kraftstasjon, flyplass, alt skal vekk, berre nokre få kalde bygningar får kanskje bli ståande. Bort skal også alle spor etter autostradaen og den jomfruelege Lunckefjell-gruva til 1,2 milliardar kroner. Kolet blir att i fjellet.
Grunngjevinga var berre økonomi. Konsulentselskapet Deloitte, som vurderte forretningsplanen til Store Norske for Næringsdepartementet, meinte drift ikkje var forsvarleg med tanke på lønsemd. Kostnaden ved oppryddingsalternativet vart ikkje kvalitetssikra.

Drift må revurderast
No viser det seg at oppryddinga blir nesten fire gonger dyrare. Under revidert nasjonalbudsjett var det nye estimatet 2,5 milliardar kroner. Prisauken er like stor som sprekken på den mykje omtalte stortingsgarasjen i Oslo. Framleis er talet usikkert, mellom anna fordi ein ikkje veit kor strenge krav miljøstyresmaktene vil stilla til oppryddinga.
Store Norske jobbar ut frå oppryddingsordren, men fekk i førre månad ja frå styret til å jobbe vidare med planar om å ta ut eit million tonn kol frå Svea Nord samstundes som det vert rydda i Lunckefjell. Måndag uttalte statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen i Næringsdepartementet til High North News at om det kan seljast kol, utan at det forseinkar ryddeprosessen, og det kan bidra til å finansiere oppryddinga, vil regjeringa kunne gi klarsignal.
Men kvifor har departementet og regjeringa slikt hastverk med å få rydda opp? Det var økonomi som var argumentet mot å starte drift att. Det er mykje som talar for at regjeringa må gå gjennom alle reknestykka på nytt. Då vil dei truleg finna at det løner seg med ein kombinasjon av drift og opprydding. Kanskje vil ein òg finna nye mogelegheiter for Svea, i staden for å legga samfunnet heilt aude.
Ti år til med drift vil også gi regjeringa tid til å tenka gjennom kva dei vil med Svalbard, kva samfunn Longyearbyen skal vera i framtida og kva rolle Store Norske skal spela.
Gruveselskapet har ikkje berre vore ein hjørnestein. Det har vore eit subsidiert strategisk verktøy for styresmaktene i over hundre år, og omstilling tek tid.
På Svalbard ligg spørsmål om suverenitet og å oppretthalda eit norsk familiesamfunn i grunnen. Etter at Store Norske starta nedbemanning og gjekk i driftskvile i Svea, har folketalet halde seg ganske stabilt, men talet på nordmenn går ned.
Torbjørn Pedersen ved Nord Universitet sa til Svalbardposten i fjor haust at næringane som er tenkte å bera byen i framtida, forsking, høgare utdanning, reiseliv og framtidig sjømatindustri, rekrutterer folk frå heile verda. Store Norske har hovudsakleg rekruttert tilsette frå Noreg, spesielt frå Nordland og Troms. Altså vil tendensen truleg bli forsterka ved nedlegginga av Svea og Lunckefjell.

Til industrien
Ein kan òg spørja seg om det berre var økonomi som vart vurdert då Næringsdepartementet og seinare regjeringa og Stortinget valde å stemma ned forretningsplanen til Store Norske om vidare drift. Gruvedrifta på Svalbard har lenge vore under press av klima- og miljøomsyn.
At Noreg driv kolgruver i det som skal vera verdas best bevarte villmark, er ikkje noko politikarane likar å snakka høgt om. Då kan det vera verdt å legga til at størstedelen av kolet frå Lunckefjell ville gått til metallurgisk industri, og kan nyttast til produksjon av til dømes bilar (også elbilar), knivar til kjøkenskuffen og glansa papir. Og om kolet ikkje kjem frå gruver på Svalbard, vil det bli kjøpt inn frå andre land med heilt andre krav til miljø og arbeidstakarrettar.
Ein kombinasjon av drift og opprydding vil nok koma godt ut både samfunnsøkonomisk og i ein analyse av miljø- og klimakonsekvensar. Kanskje vil reknestykka visa at det også blir pengar til overs som kan nyttast på eit nytt og meir miljøvenleg energiverk i Longyearbyen.
Etter ti års drift vil også Gruve 7 vera driven ut. Det vil vera ironisk om kolbilane då må køyra frå kaia til straumprodusenten med mat til fyrkjelane. Og kor mange charterfly og flytande byar skal få koma dit, om ein òg ser den veksande turismen i eit klima- og miljøperspektiv?
Line Nagell Ylvisåker er frilansjournalist.

Prøv Dag og Tid Les e-avisa