Vinterby utan snø
Roald Aas tok bronse på 1500 meter, men på grunn av sterkt snøvêr har ikkje NTB scanpix bilete av han i dette løpet. På biletet står han klar til å gå ein annan distanse i OL i Oslo i 1952.
Foto: NTB scanpix
Roald Aas tok bronse på 1500 meter, men på grunn av sterkt snøvêr har ikkje NTB scanpix bilete av han i dette løpet. På biletet står han klar til å gå ein annan distanse i OL i Oslo i 1952.
Foto: NTB scanpix
Det er over 30 år sidan eg sette skiene mine i kjellaren og lét dei stå, med kandaharbindingar og alt. Det er ei tid for det meste – alt har si tid, kan det også heita. Og for meg, som bufast i Oslo, er det altfor langdrygt å bruka helga på biltur til Hemsedal eller Hafjell tur-retur. Snø er noko som skal vera her, akkurat her, og årvisst var eg bortskjemd og van med å starta alle helgeskiturar ti meter frå trappa på Korsvoll. Før den tid var det alltid skirenn på fødselsdagen min i mars, med kakao og blautkake som stilsikker avslutning. Det har endra seg, og så har skiene heller fått støva ned. Det er ikkje som det helst skulle ha vore, men i det minste kan risikoen for beinbrot pressast ned mot det absolutte minimum, og dermed slepp helsevesenet – og eg – billeg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.