Når det alltid passar dårleg
«Meiner De at det kjem til å gjera vondt», spurde pasienten.
Foto: NTB
«Meiner De at det kjem til å gjera vondt», spurde pasienten.
Foto: NTB
Det er somme ting som alltid passar dårleg, til dømes biluhell eller det å mista ei tann. Eg mista ei tann i overkjeven akkurat da eg kom inn for landing vest for Fornebu ein gong i 1990-åra. Det kunne ha vore verre, tanna landa pent på golvteppet og kunne lett stikkast ned i lommeboka. Eit barnebarn og mor hennar var komne flyplassen for å møta morfar. Barnet var i tannfellingsalderen og hadde god observasjonsevne, så ho fekk straks med seg situasjonen, til stor moro for dei andre passasjerane: «Morfar har mista ei tann, og han får ho ikkje tilbake – haha!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.