Matematikklyset som slokna
Vladimir Nabokov og mor til Per Egil Hegge fekk begge vanskar med rekning etter å ha hatt influensa.
Foto: Walter Mori / Wikimedia Commons
Vladimir Nabokov og mor til Per Egil Hegge fekk begge vanskar med rekning etter å ha hatt influensa.
Foto: Walter Mori / Wikimedia Commons
Mor mi, som var av årgang 1908, snakka ofte om spanskesjuka. Den vart ho råka av som tiåring i 1918, og ho meinte at ho aldri vart heilt frisk. Det var fordi ho hadde hatt rekning som beste fag hos lærar Aunan på folkeskolen på Byneset. «Reknetimane var som eit paradis, det var ei vedunderleg verd som opna seg for meg, eg skjøna alt med ein gong, ingen ting kom opp mot reknetimane.» Men etter at ho hadde kome seg opp or senga etter tida med «spanska», var ingen ting som før. Ho greidde seg, som i dei andre faga, men paradisglansen var borte, rekning var eit fag som alle dei andre, lærar Aunan underviste som før med litt skiftande lune, og ho gledde seg ikkje til og over desse timane slik ho alltid hadde gjort.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.