Komponisten som vart kulturberar
Bent Fabricius-Bjerre døydde 95 år gammal.
Foto: Fabricius-Bjerre.dk
Bent Fabricius-Bjerre døydde 95 år gammal.
Foto: Fabricius-Bjerre.dk
Da Bent Fabricius-Bjerre gjekk bort i slutten av juli, nokre veker før han ville ha fylt 96 år, tok danskane heilsider og timelange minneprogram i bruk for å markera posisjonen denne stilreine og populære komponisten og jazzpianisten hadde sikra seg for to generasjonar i landet. Dei mest kjende melodiane hans var like høgt verdsette i grannelanda, og dei hadde ei heilt spesiell stilling i statar som Serbia og Aust-Tyskland – av alle stader. Musikkens svar på Astrid Lindgren, stod det i ein av nekrologane. Kanskje kjem han i oppslagsverk som får lengre levetid enn Wikipedia, og så får det heller våga seg at han «berre» laga musikk som det går an å plystra, men vel å merka ikkje dersom plystraren er tung til sinns.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.