Grenselaust i Karibia
Corsair Airbus A330-200 går inn for landing på Prinsesse Juliana i Sint Maarten.
Foto: Aldo Bidini / Wikimedia Commons
Corsair Airbus A330-200 går inn for landing på Prinsesse Juliana i Sint Maarten.
Foto: Aldo Bidini / Wikimedia Commons
Det var ein gong ei tid da stormaktene i Europa, frå Danmark-Noreg til Frankrike, Spania, Nederland og England kivast og slost om småøyane i Karibia. Dei historiske fara etter desse stridane er det ikkje så lett å sjå i dag, men dei er der. Klårast gir dei seg utslag i uventa, brå språkgrenser og like uventa og fjerne geografiske samanblandingsnamn, som «dei franske eller nederlandske Antillane» og «britisk, amerikansk eller dansk Vest-India». Danskane selde dei tre sukkerplantasje- og slaveøyane sine i Vest-India til USA i 1917–1918 og avvikla dermed koloniriket sitt, som det moralske og økonomiske fallittbuet det lenge hadde vore. Mellom det som står att, er presidentpalasset Christiansborg i Accra i Ghana, pluss nokre danske gate-, konge- og dronningnamn, frå Store Kongens gade i Charlotte Amalie på St. Thomas, til Christiansted og Fredriksted på St. Croix, den siste med grunnmuren til Victor Borges sommarvilla, som vart smadra av ein orkan for 30 år sidan. Borge hadde berga livet i kamp mot verdshistorie og naturkrefter ved hjelp av rådsnar, intelligent og kvikk humor. I ruinhaugen i 1989 ga han opp all tanke på atterreising, og han døydde kort tid etter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.