Det er trivelegast på toppen
President Vladimir Putin har sagt at lenestolen er ein brukbar endestasjon.
Foto: Mary Altaffer / AP / NTB scanpix
President Vladimir Putin har sagt at lenestolen er ein brukbar endestasjon.
Foto: Mary Altaffer / AP / NTB scanpix
For Vladimir Putin har visst pensjonisttilværet lite for seg. Han har sagt fleire gonger at lenestolen er ein brukbar endestasjon, men det har meir og meir fått karakter av munnsvær. Oftare og oftare nemner han no at det kanskje kan vera greitt, både for fedrelandet og for han sjølv, at han offerviljug og i landets interesse tek på seg dei tunge pliktene som det russiske styret legg på han. Ikkje av omsyn til seg sjølv – var det likt seg – men av omsyn til det krevjande landet, som må regjerast slik det sømer seg ei stormakt. «Tung, tung er Monomakhs huve», sa ein av herskarane frå gamaltida om 1300-talskrona av pels, skinn, gull, perler, edelsteinar og mykje annan stas, og med gullkross på toppen. Huva ligg i Kreml-museet, og det er ikkje for mykje sagt at ho osar av rå makt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.