Vossa-stubbar anno 2023
Significant Time sameiner sprudlande entusiasme med finslipt raffinement.
Significant Time: Øyvind Dale, Signe Irene S. Time, Fredrik Luhr Dietrichson, Marius Klovning, Ida Løvli Hidle og Raymond S. Lavik.
Pressefoto
Jazz
Significant Time:
Vossastubbar
Signe Irene S. Time, vokal; Øyvind Dale, piano; Ida Løvli Hidle, trekkspel; Marius Klovning, gitar; Fredrik Luhr Dietrichson, bass; Raymond S. Lavik, trommer. Balder
Denne musikken hadde premiere sundag 9. april 2017 oppe i Osasalen på Vossa Jazz. Knappe seks år seinare kan ein stilla det same spørsmålet – kva har denne musikken med Per Sivles Vossa-stubbar å gjera?
Titlane og dei korte tekstutdraga er henta frå forteljingane, men viktigast av alt: Øyvind Dale og Fredrik Luhr Dietrichson har late seg inspirera av forteljingane til å laga fabelaktig musikk som bandet framfører med bravur.
«Blant annet er tekstmaterialet i ’Vossastubbar’ skrevet på vossamål som gjer at fleire ord og setninger er uvante og rare, men som likevel klinger melodisk og har ein særegen flyt.» Dette kan ein lesa i presseskrivet, og her er ein nok ved essensen i det Dale og Dietrichson har henta ut av lesinga av Vossa-stubbar (1887) og Nye Vossa-stubbar (1894). Lomhund, Vetle-Raurn, matamaolti med fleire er ord ein kan smaka på og leika seg med (sjølv om sistnemnde ikkje er ein tittel på ei forteljing).
Musikken og tekstutdraga får fram det burleske i Sivle-universet. Temaa er stundom enkle og melodiøse i tradisjonell forstand, men kan brått bli intrikate og ligge i ytterkantane av stemmeleia. «Matamaoltid» byrjar med strykebass i det lægste registeret, med den djupe røysta til Dietrichson, for så brått å skifta til det øvre sopranregisteret og ditto pianokomp, før det går over i eit melodiøst mellomspel på trekkspel. Så blir det heile repetert og dei ulike elementa blanda.
Dietrichsons «Lomhund» er ein blues med ein vri på temaet som dreg tankane i retning av norsk folkemusikk, men det er Løvli som manar fram bilete av den illsinte lomhunden. Høgdepunktet er likevel Dales rufsete reggae «Kolbein Hausa» med eit pianokor av Dale som ikkje er kvardagskost, og eit gitarkomp soloen verdig.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.