Visuelt vakkert og velspelt
Bjarte Hjelmeland står bak ein gjennomarbeidd, men nokså konvensjonell Peer Gynt.
Lars Berge spelar hovudrolla som Peer Gynt.
Foto: Thor Brødreskift
Det Vestnorske Teateret
Henrik Ibsen:
Peer Gynt
Til nynorsk ved Jon Fosse
Regi: Bjarte Hjelmeland
Kostyme: T-Michael
At Peer Gynt er aktuell i ei tid prega av stadig aukande individualisme, seier seg sjølv. Men er det framleis råd – utan merkelege regipåfunn – å hente fram nye sider ved dette stykket? Det skal godt gjerast, og det har vel neppe vore Bjarte Hjelmelands ambisjon.
I staden har han laga ein versjon som i det meste er svært tru mot originalen, ved at han har med element frå nesten alle scenene i stykket, rett nok med ulik vektlegging, i staden for å konsentrere seg om utvalde scener. Og resultatet er blitt ei fin, gjennomarbeidd og velspelt framsyning.
At den forførande Anitra blir tolka av ein mann (Claus Sellevoll), gjer ikkje noko, for andredelen av stykket skal jo vere noko aparte.
I musikkvalet har han gitt Grieg og Sæverud fri, med unntak av sviska «Solveigs song». Mor Aases død blir akkompagnert av Beethovens sjuande symfoni, elles kling både folkemusikk og især popmusikk med – og det fungerer heilt utmerkt. Scenografien er redusert til nokre kasser, som ikkje blir flytta rundt i utide, T-Michael har designa funksjonelle kostyme, og bruken av video – obligatorisk i dagens teater – får heller ikkje ta over. Hjelmeland har vågd å lite på teksten og spelet – og det held.
Seks skodespelarar, røynde og unge, deler rollene mellom seg. Lars Berge er både ein viril Peer og mot slutten ei søkjande sjel, 15 år gamle Hermine Svortevik Oen gjer inntrykk som ei uskuldsrein og verdig Solveig, og Reidun Melvær Berge markerer seg især som Rondekongens dotter. Samspelet er godt, og fleire visuelt slåande scener bidreg likeins til å lyfte framsyninga.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.