Verda sett frå guterommet
80-åra var tiåret då «populærkultur ble majoritets- kultur», skriv Ole-Martin Ihle.
Eit eksemplar av He-Man-figurane som var populære i 1980-åra.
Eit eksemplar av He-Man-figurane som var populære i 1980-åra.
I kottet heime hos foreldra mine står to plastkasser som inneheld ei slags massegrav frå 80-talets fantasiverd. Ei kjent svakheit med He Man-figurane var at dei hadde lett for å miste armar og bein i kamp, og sjølv om den driftige mormora mi forbarma seg over offera og ved hjelp av avanserte inngrep som involverte syltetøystrikkar, ståltråd og små treklossar, greidde å få dei på beina igjen, har tidas tann ubønhøyrleg tært på dei. I dag kan eg kjenne ei viss omsorg for desse skamferte figurane når eg ein sjeldan gang hentar dei fram. Eg brukar lang tid på å rote gjennom lause lemar for å finne den riktige armen, med tilhøyrande våpen, i eit forsøk på å restaurere dei falma heltane til gammal stordom.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.