Utan returbillett frå Drøymeland
Arne Ruset skriv sorgmuntert og med stor forstand om demens.
Arne Ruset har i mange år arbeidd som psykiater og har skrive bøker i fleire sjangrar.
Foto: Solum Bokvennen
Roman
Arne Ruset:
Eg kom ikkje heim før det vart natt
Solum Bokvennen
Kva er eigentleg røynleg? I fysikken har det vore ei viss usemje om ting har objektiv eksistens eller ikkje, i alle høve gjeld dette for dei minste byggjesteinane i naturen, som alt er gjort av. Likevel tykkjer vel dei fleste at røynda er fast og ubrigdeleg, som ein føresetnad der det sanne er for vondt til å vera godt, og det gode er for godt til å vera sant.
I hjernen, der sanseinntrykka vert ordna, eller rota til, vert opplevinga av verda til, såleis at kvar har sin versjon av eksistensen. For somme vert denne versjonen skipla, til dømes ved ymse former for demens, og den personlege opplevinga til den einskilde vert så avvikande frå det andre kan verta samde om og kalla røynda, at den avvikande vert rekna for sjuk.
Sårt og vittig
I den nye romanen til Arne Ruset møter me Agnar, ein mann i byrjinga av 70-åra. Han seier sjølv at tankane hans er gneistrande klare, men noko av det som er klart for han, er ikkje-eksisterande for alle andre. Han lever åleine, men ikkje langt frå dottera Liv. I Thailand har han ein son som er i evige forhandlingar om eitt eller anna, og all omsorg for Agnar fell såleis på Liv, som ser at det går nedover med faren.
Heldigvis får ho ordna med hjelp frå heimetenesta, men Agnar, som er frisk lekamleg, får det for seg at han skal i gravferda til ein kjenning, han oppsøker ei kyrkje der ein slik seremoni går føre seg, men lesaren forstår at Agnar tek feil likevel. Etter gravferda rotar han seg inn på ein flybuss og trur han er på veg med fly til Irland. Han forvillar seg vekk, og vert etterlyst, og lukkelegvis funnen, medan han stadig trur han er i Irland, der han har vore før. Denne delen av romanen er både sår og vittig på same tid, og skildra absolutt truverdig frå innsida, av ein forfattar som veit kva han skriv om.
Når ein ler av dette tragiske, i alle høve av einskilde episodar, er det ikkje med ein vond lått. Det pussige i den brotne logikken, der Agnar går vidare innover i sitt private Drøymeland, utan returbillett, er slåande og overraskande, det verkar ikkje konstruert, men er spontant og abrupt og dermed ekte: for Agnar er det røynda.
Forvirring
Når han etter denne hendinga kjem på rehabilitering på ein institusjon, trur han at han er på eit tog. Når dottera så kjem på vitjing, tenkjer han slik: «Dette er eit mysterium så stort som noko, korleis i all verda kan ho vere her? Har ho reist etter toget med anna skyss, for så å stige om bord?» Litt seinare, etter at ho spør om han trivst, skildrar han seg sjølv slik: «Svara mine let vente på seg, eg sit fast i undringa over at ho, dotter mi, faktisk er her på toget. Eller er ho det? Kan det vere ei anna kvinne som har kledt seg ut og utgjer seg for å vere henne?»
I tilstanden Agnar lever med, er det altså mykje som er uvisst og stundom skremmande. Hallusinasjonar og forvirring vekslar med klåre og kloke tankar, han formulerer aforismar for seg sjølv, han siterer dikt av Yeats, men det vert fort verre med han, han er i fleire tider samstundes, og lesaren tek seg i å tenkja at det beste ved stoda til Agnar er at han ikkje forstår ho, og ikkje ser seg sjølv utanfrå.
Med kløkt og innsikt skildrar Arne Ruset ein demenssjuk person frå innsida, slik at lesaren kan forstå og læra. Boka er endåtil underhaldande, utan at det på nokon måte går ut over alvoret i teksten.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.