Uromonument
Novellesamlinga er ujamn, men på sitt beste er ho fortreffeleg.
Jan Grue har skrive fem novellesamlingar så langt.
Foto: Anne Valeur
Jan Grue har skrive fem novellesamlingar så langt.
Foto: Anne Valeur
Jan Grue var nominert til Nordisk råds litteraturpris 2019 for «Jeg lever et liv som ligner deres», utgitt i 2018 og som han òg fekk Kritikarprisen for. Grue kunne godt ha blitt nominert til ein pris for teksten «Det fjerde trimesteret» i novellesamlinga Uromomenter òg. Her går Sigrid omkring på overtid etter fødselstermin, ho er tung og lei, men ho skal halde ut. Alle idiotane som er i omløp, gjer det berre ikkje så enkelt for henne. Ho har ein mann som er full av forståing og ansvarskjensle, utan at han mistar integriteten sin eller trongen til å seie ifrå sjølv, og det er denne uuthaldeleg imponerande balansen som er irriterande, sjølvsagt. Når ho blir møtt av ein nyutdanna sjukepleiar som aldri sjølv har vore gravid, men som seier «forskning viser at», held det på å rable for Sigrid, som frå naturens side ser ut til å svare på dumskap eller tankeløyse med syrlege replikkar avleverte med presisjon.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.