JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Ukrainsk vitnesbyrd om krigen

Scenekunstnarar i eksil frå Ukraina leverer skakande røyndomsteater.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Seks ukrainske kvinner i eksil står på scena for å gje ei stemme til dei som er att i Ukraina.

Foto: Det Norske Teatret

2468
20220902
2468
20220902

Det Norske Teatret

Dakh Daughters / Vlad Troitskyi:

Danse Macabre

Art Resistance Festival

I førre veka gjesta eit ukrainsk kunstnarensemble Det Norske Teatret med fleire sceneopplevingar direkte bygde på rapportar og opplevingar frå invasjonen og krigen i Ukraina. Den eine produksjonen, Danse Macabre, fekk si fyrste framsyning i Noreg på Ukrainas nasjonaldag 24. august. Opphavspersonane har eigne krigstraume med seg i bagasjen og lever sjølve for tida i eksil. Og dette er så å seie på dagen eit halvt år etter invasjonen.

Sterke effektar

Seks unge kvinner, eigentleg eit musikarensemble, opptrer i ein syklus av tekstlege og musikalske opptrinn, støtta av fascinerande, sterke lys- og lydeffektar og enkle, ytst effektive scenografielement. Det tekstlege som vert framført, omsett til engelsk på bakskjerm, er delvis sitat frå Jobs bok, delvis autentiske rapportar frå kvinner som i krigshelvetet har vorte valdtekne og sett sine kjære bli skotne. Dei bibelske sitata om evig tolmod og audmjuke i høve til tap og liding kjem som bitre pillar i relieff mot knallharde inntrykk av umenneskeleg brutalitet.

Det unike ved ei framsyning som denne er å vite at scenekunst som er topp profesjonell og imponerande, både visuelt og lydleg, faktisk ikkje er berre skodespel. Dette er menneske som har opplevd det dei fortel om på nært hald. I ei tid der både litteratur og teater, særleg standupframsyningar og kjendisbiografiar, gjerne vil leike seg på grensa mellom dokumentar og kunst, og i norsk kulturliv med svært ymse resultat ser vi brått her nok som utgjer ein avgjerande skilnad. Vi beundrar det høge kunstnarlege nivået og ser at dette er utøvarar med full kontroll. Samstundes veit vi at dette ikkje er «teaterkjensler», når tårene kjem.

Hard røynd

Regissøren og bakmannen Vlad Troitskyi har hatt ein tydeleg profil i Ukraina som skapar av både kunstinstallasjonar, performance og teater. I dag lever han i eksil i Frankrike og har kone og born i eit anna europeisk land. «Vi er her for å yte motstand mot ein krig som angår oss alle», seier han eit intervju på heimesidene til Det Norske Teatret.

No har han og ensemblet hans vore her. Og sjeldan har vel den harde røynda rykt oss nærare inn på livet på ei teaterscene.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er men­neske som har opplevd det dei fortel om på nært hald.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis