Tverrpersonleg technokorsong
Björks tiande er ein Alice i Eventyrland-aktig gravetur gjennom jordsmonn og det umedvitne.
Björk er ute med album nummer ti.
Pop / elektronisk
Björk:
Fossora
One Little Independent
Fossora er den islandske artisten Björks tiande studioalbum, og gildet opnar med låten «Atopos», skrive og produsert i samarbeid med indonesiske Gabber Modus Operandi. Tittelen refererer til filosofen Roland Barthes idé om det atopiske, den underlege kvaliteten som oppstår kring usedvanlege opplevingar eller kjensler, og komposisjonen læt, med sine seks bassklarinettar og hardtechno-basstrommer, nøyaktig som eit alveskulekorps.
Albumet har ein trippy, psykedelisk og psykoanalytisk kvalitet over seg, og undergrunnen står sentralt. På «Mycelia» syng eit effektspekka kor, og kor dominerer òg sporet som følgjer, «Sorrowful Soil»; det første har ein eigen, integrert, slutta, nettverksaktig kvalitet, det andre er meir mangefasettert og utflytande, slik jordsmonnet gjerne er. Her eksisterer akustikk, tradisjonelle kor og elektroniske effektar side om side, dei vert blanda saman.
Det er forunderleg korleis Fossora fluktuerer mellom det private, transpersonlege og fellesskaplege, men innimellom stikk lyrikk med overtydeleg 2020-tals massemediepreg seg ut og pressar seg på på intenst vagt vis – teksten på «Ancenstress» svingar nonchalant innom legeforakt, «Fungal City» prøver å vere altfor smart om det trøytte omgrepet «polarisering», «Victimhood» er på same tid for vag og for tydeleg om sensitiv tematikk, og det er ikkje godt å seie kva Björk eigentleg meiner om offer.
Det er i dei mest abstrakte eller minst utsegnstilsulka sekvensane Fossora er best. Til dømes på tiande spor, «Tölla-Gabba», ei psykedelisk nynne- og basstrommemaskinvise som læt som kjenningsmelodien til Dovregubbens leikne, men apokalyptiske generasjon z-niese. Eller noko.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?