Triller og tiradar
Mozart sparte ikkje på effektane i si storfelte «kroningsmesse».
Domkyrkja i Salzburg, der Mozarts «kroningsmesse» blei urframført.
Foto: Martin Toedtling
CD
Wolfgang Amadeus Mozart:
Krönungsmesse KV 317
Chor des Bayerischen Rundfunks; Akademie für Alte Musik Berlin; dir.: Howard Arman. BR Klassisk 2023
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) levde i ei omskifteleg tid. Keisar Josef II i Wien er blitt kalla «ein krona revolusjonær», for han innførte ein reformpolitikk som møtte så stor motstand at mykje blei reversert etter at han døydde i 1790. Liveigenskapen blei avskaffa, borgarrett gjeve til protestantar og gresk-ortodokse og mange lovar mot jødane avskaffa. Særleg kyrkja fekk kjenna reformiveren hans: Pavelege lovbod blei annullerte i Austerrike, presteseminara lagde under staten og 700 kloster oppløyste. Det skulle ikkje sløsast, så kostesam gravferdspraksis og storfelt orkestermusikk i gudstenesta blei strengt regulert.
Men Josef II døydde tidleg, og kroningsseremoniane til dei to siste keisarane (før det tysk-romerske riket gjekk dukken i 1806) blei atter gjennomførte med hevdvunnen pomp og prakt: Leopold II blei krona til keisar i 1790 og til bøhmisk konge året etter, og Frans II til keisar året etter det igjen. Hoffkapellmeisteren i Wien, Antonio Salieri, vil somme hugsa som Mozarts antagonist i Miloš Formans storfilm Amadeus frå 1984. Han merka seg at desse tre kroningsgudstenestene «hadde mest akkurat den same musikken».
Salzburg-messe
Musikken Salieri sikta til, var Mozarts storfelte Messe i C-dur, KV 317, den som i hoffkrinsar alt då gjekk under namnet «kroningsmessa». Men messa var ikkje eigentleg tiltenkt Leopold IIs kroning i 1790. Mozart skreiv henne ein dekade tidlegare, til påskegudstenesta i 1779 i heimbyen Salzburg, der han nyss var blitt hofforganist hjå fyrstebiskopen i byen.
På den nye innspelinga, der Howard Arman dirigerer koret til den bayerske kringkastinga og originalinstrumentensemblet Akademie für Alte Musik Berlin, får me ikkje berre høyra sjølve «kroningsmessa». Ho blir sett saman med annan musikk som læt under påskegudstenesta i Salzburg det året.
Operastil
Innspelinga, som er eit konsertopptak frå i fjor, er god. Koret og instrumentalistane får fint fram det spesielt høgtidsame ved messa, der Mozart forsterkar det ordinære orkesteret med oboar, trompetar, horn og paukar. Solistane syng i overkant operaaktig, særleg sopranen Katharina Konradi. Men så er det då òg mange parti som til forveksling minner om Mozarts operaar.
Dette operaaktige ved messa var elles noko ein hadde større problem med på det puristiske 1800-talet enn på 1700-talet. Den største kontrasten mellom kyrkjestil og operastil finn me ikkje i «kroningsmessa», men i det andre store verket på plata, Vesperae solennes de Dominica, KV 321, også dette frå 1779. Salmen «Laudate pueri» (spor 12) byrjar demonstrativt arkaisk, som streng, firstemmig kanon, før det går over i friare kontrapunktikk. Den neste salmen, derimot, «Laudate Dominum» (spor 13), er ein ekte lyrisk arie, med meterlange koloraturar av triller og tiradar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.