Tommy Wirkola hoppar ut i dystopien – og landar ustødig.
Naomi Rapace spelar alle dei sju søstrene.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Naomi Rapace spelar alle dei sju søstrene.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
I år 2073 har menneska utarma ressursane i så stor grad at styresmaktene innfører ein nådelaus eittbarnspolitikk. Alle søsken blir tatt hand om på ein «human» måte – og frosne ned til verda igjen er berekraftig. Dette er premissen for What Happened to Monday, Tommy Wirkolas nye film om sju identiske søstrer som veks opp i det skjulte. Dei ber alle namnet etter ein vekedag: Monday, Tuesday, Wednesday og så vidare, men ute i den verkelege verda er dei altså same person: Karen Settman (Rapace). Det heile går strålande, til Monday éin kveld ikkje kjem heim. Tuesday får i oppgåve å undersøke kva som kan ha skjedd, og med det er alle i fare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.