JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Tidvenda

Capella de la Torre syner oss korleis alt endra seg med Monteverdi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Parti frå Canal Grande i Venezia.

Parti frå Canal Grande i Venezia.

Foto: Sjur Haga Bringeland

Parti frå Canal Grande i Venezia.

Parti frå Canal Grande i Venezia.

Foto: Sjur Haga Bringeland

2668
20220715
2668
20220715

CD

Claudio Monteverdi:

Monteverdi Memories

Capella de la Torre; dir.: Katharina Bäuml. Deutsche Harmonia Mundi 2022

Ingen andre personifiserer tidvenda i musikkhistoria kring 1600 meir enn Claudio Monteverdi (1567–1643). Denne norditalienske komponisten kom til verda i fiolinbyggjarbyen Cremona, avanserte så til hoffkapellmeister i Mantova, før han nådde karrierens apeks med kapellmeisterstillinga i sjølve Markuskyrkja i Venezia.

Han fann langt på veg opp det nye musikalske språket i barokken. Musikken hans kling moderne og tilgjengeleg på ein heilt annan måte enn tonespråket han sprang ut or, som var renessansens komplisert-kontemplative polyfoni.

Tre nyvinningar

Kva konkret var så Monteverdis musikkhistoriske forteneste? Med stilen seconda pratica («den andre praksis»), eit omgrep han sjølv mynta ut, utvikla han eit nytt syn på tonekunsten. Musikken skulle ikkje lenger berre gleda, men også skaka. Gjennom å bryta reglane til den gamle komposisjonslæra (prima pratica) ville han med skjerande smertefulle dissonansar overføra kjenslene i ei musikalsk forteljing direkte til lyttaren.

I denne seconda pratica, som også blei kalla stile moderno, inngjekk ei rekkje nye former som framleis pregar populærmusikken vår. For det fyrste oppfinninga hans av det som i jazzen blir kalla walking bass, der basslina har rytmisk jamt framskridande notar. For det andre den raffinerte bruken hans av såkalla ostinatobass, eit komposisjonsskjema der eit stutt og fengande basstema blir repetert gjennom heile satsen. Og for det tredje overføringa hans av instrumentalmusikkens virtuoseri til vokalmusikken.

Laussleppt

Alt dette finn me på plata Monteverdi Memories til ensemblet Capella de la Torre, som blir leia av Katharina Bäuml på skalmeie (forlauparen til oboen). Instrumentalverk skreiv Monteverdi mest ikkje. Men vokalverka inneheld instrumentalsatsar, til dømes «Sonata sopra Sancta Maria» frå Mariavesper (1610). Denne teknisk komplekse og fyrig virtuose utsmykkinga av ein salmemelodi er høgdepunktet på albumet.

Ostinatobassar er det fleire av, til dømes i «Zefiro torna» (1632), som i innspelinga er fint instrumentert med blokkfløyter. Denne duetten – eit fyrverkeri av motsetningsfulle rytmar og uregelmessig tekstdeklamasjon – er det kanskje mest laussleppte han nokon gong komponerte.

Walking bass høyrer me i det siste sporet, «Beatus vir», som her blir spelt litt for «jazzete» etter min smak. Som så ofte på slike innspelingar er det rytmeseksjonen som overdriv.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis