Syntetiske kjensler
Munchi lagar kjapp og atonal dansemusikk tufta på karibiske og latinamerikanske tradisjonar.
Munci elskar mambo.
Pressefoto
Elektronisk
Munchi:
Mambo Detonao EP
Nyege Nyege Tapes
Munchi frå Den dominikanske republikken omkalfatrar karibisk og latinamerikansk musikk ved hjelp av elektroniske produksjonsmiddel. Produsenten har samarbeidd med storfolk som M.I.A., og ifølgje Munchis instagramkonto var dette måten nye merengue- og mambolåtskrivarar arbeidde på i ein periode i starten av dette tusenåret: Idear blei noterte med sample-samlingar og piratkopiert digital musikkproduksjonsprogramvare. Korleis musikken skulle framførast av eit band, var noko ein eventuelt fekk finne ut av dersom ein skulle slumpe til å bli populær nok til å spele live. Denne typen hakkete digitale lydbilete var visst vanleg i nokre år, før moderne dansemusikkstilartar som dembow blei populære.
EP-en Mambo Detonao kom nyleg ut på den ugandiske labelen Nyege Nyege Tapes og inneheld oppussa utgåver av låtar produserte kring 2010, inspirert av denne røffe, skisseaktige stilen. Ta til dømes andresporet, «Que Maldito Disco»: ein akustisk, velkjend congatrommerytme flyt over pumpande basstrommer og hurtige, konsise risteegg-samplingar, med eitt blir mønsteret kutta på kontant vis som understrekar det digitale, piano- og syntetisk strengklimpring krydrar det høge registeret. Silkemjuke sirener, virtuell plystring og dissonante reveljar framførte med syntetiske horn annonserer ein flytande collage-rap som, med ord eg kjenner tydinga til, gir danseføtene direkte ordre om å marsjere taktfast ut på dansegolvet.
Musikken går i skyhøgt tempo og er merkeleg fengjande med sine dissonante (eller mikrotonale) melodiar og harmoniar. Siste låt, «Kik Frutilu», handsamar melodramatisk, dyster latinamerikansk musikk, og det læt nesten som om ein robotfriar står og klimprar på robotgitaren i gata nedanfor balkongen. Det er rørande.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommis, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.
Eden Golan skal representere Israel i Eurovision i Malmö.
Foto: Ran Yehezkel
Eurovision: Israels deltaking er viktig for pressefridomen
Den frie israelske pressa er under kraftig press.
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Sau
Noko om sauedrift i Noreg og Wales.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.