Sveins bibel
Det er ikkje ei enkel oppgåve Svein Tindberg har teke på seg.
Svein Tindberg har skrive og nytolka bibelforteljingar for born.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
Svein Tindberg har skrive og nytolka bibelforteljingar for born.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
På 90-talet hadde Tindberg stor suksess med å fortelje Markusevangeliet frå scena. Tindberg kom til tru på Jesus gjennom arbeidet med Markus. Når du skal lære deg mykje tekst, må du freiste å lage deg bilete i hovudet, slik at du enklare kan hugse. Etter å ha lese Bibelforteljingar for barn kan eg godt sjå føre meg korleis Tindberg har arbeidd. Han strålar ut ei stor glede over å fortelje, og han legg ikkje band på seg. Dei mest kjende tekstane er der, i botnen – somme forteljingar nesten ukjennelege, andre godt kjennelege. Vi får til dømes høyre meir om gjetarguten Ariel i byrjinga av Det nye testamentet enn om Jesusbarnet. Tindberg nærmar seg vanskelege bibelske tema, som sjalusi, svik og misunning, for å betre forklare borna kvifor dei ulike karakterane handlar som dei gjer. Han skriv nye tekstar for å trekkje fram poeng i tekstane som han meiner vi bør snakke meir med borna om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.