Suksesjonen
Den norske Lindeman-slekta førte sin musikalske arv direkte attende til Bach.
Oslo domkyrkje fotografert kring 1870, då L.M. Lindeman var organist der.
Foto: Riksantikvaren
Standardinnspelinga
Ludvig Mathias Lindeman:
Organ Works
Kåre Nordstoga, orgel. Simax 2003
«Apostolisk suksesjon» er eit kyrkjeleg omgrep nytta om den ubrotne rekkja av folk med kyrkjeembete frå apostlane til vår tid. Kvart ledd i rekkja har motteke myndet sitt frå ein forgjengar gjennom ordinasjon. Ordinasjonsrekkja går difor attende til apostlane.
Ein musikkhistorisk parallell til dette finn me i resepsjonen av Johann Sebastian Bach. Etter at han døydde i 1750, blei mykje av musikken hans gløymd. Dette gjeld særleg vokalmusikken (kantatane, oratoria og pasjonane) som romantikarar (særleg Felix Mendelssohn) gjenoppdaga på 1800-talet. Men denne romantiske Bach-tradisjonen var altså kjenneteikna av eit brot: Verka til komponisten blei «gjenoppliva» på scenen eller i kyrkja mest hundre år etter at dei blei til.
Lindemennene
Men det fanst òg ein ubroten Bach-tradisjon, ein musikalsk suksesjon der Bachs arv blei halden i hevd gjennom elevane hans, som så vidareførte han til sine elevar. Denne tradisjonen, som hadde Berlin som utgangspunkt, konsentrerte seg mest om klaver- og orgelverka, då særleg den «lærde» musikken, med kompliserte fugar og kanonar.
Ei grein av denne ubrotne Bach-tradisjonen førte til Noreg – via København til Trondheim og seinare til Oslo. Han levde vidare i 200 år gjennom Lindeman-slekta, vårt største og lengstlevande musikardynasti.
Grunnleggjaren av den norske «Bach-skulen» i musikken var bergensaren I.G. Wernicke, som gjorde suksess som klavervirtuos i København i 1770-åra. Eit stipend førte han til Berlin. Der gjekk han i skule hjå den tyske Bach-eleven J.P. Kirnberger, som hadde teke vare på notane til læremeisteren og skreiv lærebøker i komposisjon på grunnlag av dei.
Ole Andreas Lindeman, som var fødd i Surnadal i 1769 og blei organist i Vår Frues kirke i Trondheim, studerte i sin tur hjå bergensaren Wernicke. Han førte vidare den konservative Bach-tradisjonen til son sin, Ludvig Mathias Lindeman, som i 1839 blei organist i Oslo domkyrkje (den gongen kalla Vår Frelsers kirke). Denne største av «lindemennene» førte så tradisjonen vidare til sin son. Saman grunnla dei «Organistskolen», forløparen til Noregs musikkhøgskule.
Ordspel
Ludvig Mathias Lindeman framførte ikkje berre Bachs orgelverk. Han komponerte òg ei rekkje stykke i utprega Bach-stil. Desse spelte vår tids domorganist i Oslo, Kåre Nordstoga, inn på Ryde & Berg-orgelet i Oslo domkyrkje i 2002.
Det fine albumet inneheld to store koralvariasjonar (over salmane «Hvo veed, hvor nær mig er min ende» og «Hvo ikkun lader Herren råde») i suveren Bach-stil. Men mest spesielle er dei tre fugane over tonane B–A–C–H. Ja, for alle bokstavane i etternamnet er òg namn på skalatonar og lèt seg slik forma til eit fugetema. Klårare kunne vel ikkje den symbolske referansen til Lindeman-slektas musikalske arvesylv vore uttrykt.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel