Stivbeint dramatisering, men varmt spel
Bergmans road movie på teater er best i dei intime stundene.
Sverre Anker Ousdal, Laila Goody, Elias Holmen Sørensen, Hanna-Maria Grønneberg, Andreas Stoltenberg Granerud, Trond Espen Seim og Anne Marit Jacobsen i stykket basert på filmen til Ingmar Bergman.
Foto: Erika Hebbert
Nationaltheatret
Ingmar Bergman:
Jordbærstedet
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi: Nia Damerell
Omsett av Arne Lygre
For nokre av oss er klassikaren Jordbærstedet ikkje berre Bergmans beste, men kan hende den beste filmen vi veit. Då er fallhøgda stor for ein ny versjon av sujettet. Men denne vakre historia med så både skarpe og poetiske dialogar må sjølvsagt freiste teaterfolk til vidare utforsking.
Veteranen Sverre Anker Ousdal er henta attende til Nationaltheatret for å spele den aldrande professor Isak Borg, mannen som har hatt ein ærefull karriere og eit upåklageleg omdøme, men har gått på tomgang i privatlivet. I blaff mellom fortid og notid, mellom draum og røynd, aner vi kva som har gjort han slik, og følgjer han til ei erkjenning som forsonar.
Desse erkjenningsglimta er sterkt gripande i filmen og vert det òg i teaterhendinga, av di Ousdal framleis er ein stor skodespelar og er følgd opp i stramme, sterke rolletolkingar av til dømes Anne Krigsvold, Trond Espen Seim, Anne Marit Jacobsen, Laila Goody og andre.
Men Johannes Holmen Dahls typisk frontale og visuelt asketiske regi kan ikkje denne gongen fange inn breidda i det bergmanske universet. Tidsspranga mellom fortid og notid og spranga mellom draum og røynd vert ineffektive og baktunge når det heile skal gjerast så minimalistisk. Det får aldri fantasiens overlys. Men dei intime, konfronterande samtalene vert turnerte med klok varme. Og slutten er sterkt rørande, også her.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nationaltheatret
Ingmar Bergman:
Jordbærstedet
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi: Nia Damerell
Omsett av Arne Lygre
For nokre av oss er klassikaren Jordbærstedet ikkje berre Bergmans beste, men kan hende den beste filmen vi veit. Då er fallhøgda stor for ein ny versjon av sujettet. Men denne vakre historia med så både skarpe og poetiske dialogar må sjølvsagt freiste teaterfolk til vidare utforsking.
Veteranen Sverre Anker Ousdal er henta attende til Nationaltheatret for å spele den aldrande professor Isak Borg, mannen som har hatt ein ærefull karriere og eit upåklageleg omdøme, men har gått på tomgang i privatlivet. I blaff mellom fortid og notid, mellom draum og røynd, aner vi kva som har gjort han slik, og følgjer han til ei erkjenning som forsonar.
Desse erkjenningsglimta er sterkt gripande i filmen og vert det òg i teaterhendinga, av di Ousdal framleis er ein stor skodespelar og er følgd opp i stramme, sterke rolletolkingar av til dømes Anne Krigsvold, Trond Espen Seim, Anne Marit Jacobsen, Laila Goody og andre.
Men Johannes Holmen Dahls typisk frontale og visuelt asketiske regi kan ikkje denne gongen fange inn breidda i det bergmanske universet. Tidsspranga mellom fortid og notid og spranga mellom draum og røynd vert ineffektive og baktunge når det heile skal gjerast så minimalistisk. Det får aldri fantasiens overlys. Men dei intime, konfronterande samtalene vert turnerte med klok varme. Og slutten er sterkt rørande, også her.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.