JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Stillferdig thriller

Når nokon har drepe eit barn, er det då rom for å prøva forstå?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Guslagie Malanda spelar Laruence, som er tiltalt for å ha drepe den 15 månader gamle dottera ved å etterlata henne på ei strand slik at ho vart teken av tidevatnet.

Foto: Srab Films / AS Fidalgo

3367
20230310
3367
20230310

Drama

Regi: Alice Diop

Saint Omer

Med: Kayije Kagame, Guslagie Malanda, Xavier Maly
Kinofilm

Professor Rama (Kagame) reiser til den vesle byen Saint-Omer nord i Frankrike for å vera tilskodar i rettssaka mot unge Laurence Coly (Malanda), som er tiltala for å ha drepe den 15 månader gamle dotter si ved å etterlata henne i strandkanten så ho drukna.

Hard kost

Heilt frå starten er det tydeleg at Rama har eit heller problematisk forhold til mor si. Den fortutla gamle dama stryk intenst teppet som dekkjer den mørke skinnsofaen i den vesle leilegheita, pynta med suvenirar frå heimlandet Senegal, foto av Rama og systrene som ungar og ymse krimskrams.

Både ei geografisk reise og ei klassereise skil mor og dotter, og gjennom kornete videoopptak frå då Rama var ung, ser me tydeleg at mora har slite med meir enn berre å tilpassa seg ein ny kultur. Psykisk sjukdom bryr seg ikkje om landegrenser, dei får berre ulike namn. Dette skal gå igjen, også i rettssaka.

Dette er regissør Alice Diops spelefilmdebut, men det er tydeleg at ho har fartstid som dokumentarist. Så er også Saint Omer basert på ei ekte rettssak, som Diop var til stades i, i 2016. Ein kan dermed trygt kalla filmen sannkrim, i den grad delvis fiksjonalisering kan godkjennast, og det meiner eg det kan. Filmen har også ein del grep frå sannkrimens største plattform, podkasten.

Store delar av filmen kviler på kvinna i vitneboksen som over lange strekk fortel kva som har skjedd, utan innblanding, dialog eller effektar. Det er som med høgtlesing – ein skapar seg vel så sterke bilete i hovudet som dei filmskaparane hadde framkalla på film. Også Laurences måte å snakka på ber ekstra dimensjonar. «Ho snakkar som ein roman av Marguerite Duras», fortel Rama.

Fransken som blir snakka i Senegal, er også meir gamaldags og arkaisk, slik ein ofte ser med kolonialiserte land som tek til seg maktspråket. Dermed blir det poetiske problematisk, og det stoppar ikkje der – for Laurence var eigentleg på veg til mastergrad då ho vart gravid, så korleis kan eit opplyst, utdanna menneske ta livet av sitt eige barn?

Lag på lag

Ai, ai, det er eigentleg svimlande mange lag i Saint Omer – di meir noko blir påpeika, di fleire lag kjem til syne under. Det er også modig av regissøren Diop å tora nærma seg stereotypiar som hekseri og det at eldre, kvite franskmenn får seg unge, svarte elskarinner. Det er likevel ingenting pikant eller sensasjonelt i måten dette blir formidla på.

Også faren til det døde barnet får talerett og maktar nyansera forholdet deira, slik at ein ikkje så lett kan kategorisera, verken han eller henne. Ikkje at han framstår spesielt sympatisk, men han framstår menneskeleg, noko som ikkje er udelt verken det eine eller det andre. Det same gjeld Laurence, som sjølvsagt fort kunne vorte vridd til at me føler anten overdriven empati eller antipati for ei som kanskje har teke livet av si eiga dotter.

Talen til forsvarsadvokaten hennar er den einaste tydeleg subjektive vridinga, der me opplagt skal ta Laurences side. Så er det berre ein tom rettssal att, tonane av Nina Simones tolking av «Little Girl Blue» og ein haug med tankar idet rulleteksten kjem. Og dei tankane fortset lenge etter.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis