Satiresirkus om
makt og demokrati
Tysk absurd-politisk komedie slår frekt og friskt, men er òg litt slitsam.
Øystein Martinsen har hovudrolla som Rolf Pang.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Øystein Martinsen har hovudrolla som Rolf Pang.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Kjernefamiliemodellen som symbolberar for eit skakkøyrt samfunnssystem er eit ganske så brukbart, og difor velkjent, tema i teaterlitteraturen. Det vart originalt handsama i 20-åra, i surrealismerørsla, i det franske stykket Victor – eller barna tar makten av Roger Vitrac. Ionesco og Pinter brukte det som utgangspunkt for fleire absurdismestykke, og polske Slawomir Mrozek gav temaet eit godt rumpespark i 60-åra, i den merkelege komedien Tango. Den (framleis) unge tyske dramatikaren Marius von Mayenburg har alt i ei årrekkje markert seg med skarpt satiriske teatertekster og er helsa velkommen i mange land som ein velsett samtidskommentator. Skodespelet Pang! er eit personleg og originalt utforma arbeid, samstundes som det på fleire vis kviler på skuldrene til tidlegare teaterbølgjer og dramatikarar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.