Rustikk jul
Mellomalderinstrumentet rebec.
Mellomalderinstrumentet rebec.
Engelsk julemusikk frå 1900-talet er ein viktig del av det internasjonale julerepertoaret. Stykka er ofte arrangement av langt eldre songar, omkledde i den idyllisk-romantiske klangbunaden som engelskmennene elskar. Albumet An Early English Christmas, som ensemblet The Sixteen gav ut i 2004, er i så måte ei forfriskande avveksling. Dirigenten Harry Christopher viskar her ut alle viktorianske pastellfargar og presenterer songane med originale, arkaiske klangar frå 1300- til 1500-talet, akkompagnert av rebec, lutt og harpe. Rebecen (ein tidleg variant av fiolinen) er spesielt interessant å høyra, sidan me gjerne berre kjenner han frå stumme mellomalderske bokillustrasjonar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.